torsdag 17. juni 2010

Har vi virkelig kommet så langt??

Ja det har vi!
"Mamma, kan Brage få bli med heim frå barnehagen?"
"Eh, ja det kan han sikkert ein dag"
"Ring mora å spør"
Eg kan ikkje huske at eg hadde med meg venar heim frå barnehage i ein alder av 4 år. Men i dag har vi altså tatt med eit ekstra barn heim frå barnehagen, med løyve frå mora sjølvsagt, hihi.
No har dei ete middag. Mykje latter i heile huset. Kjeks og litt saft, endå det berre er torsdag som "vertinna" uttrykkte. Kosar seg og leikar.
Eg er glad for at mine born har gode venner som gjerne vil være saman med dei, ja enda til vere med dei heim.

"Uansett hvor du er, vil det være vennene dine som skaper din verden"

mandag 7. juni 2010

Julegåve

Ja det var det denne skjorta egentlig skulle verte. Men so stoppa det opp og den blei aldri ferdig. No har eg sydd på ribben og lagt opp kanten nede. Skulle pinleg nok ikkje meir til *rødme* So no får Ylva seg ny t-skjorte. Merkelapp sjølvsagt.

Og close up av applikasjonen. Bart nå litt fin.
So no får me satse på at været held so ho får bruke den mykje!


Sjekk ut denne!

Ta turen inn hit!!
http://www.flamingo.no

søndag 6. juni 2010

ACTIONPIC

Jepp, jenta var fornøgde ho. Å det kunne ikkje passa betre med ny sommarkjole enn idag, når sola var her då vi stod opp. Eit par dansetrinn for å sjå om kjolen har rett sving!!
Endå til merkelappen er match!

Denne herlege sundagen har vi ellers nytta til å bake bollar, vore på Sæbø-dagane og på fotball-cup. Bollane var gode, på Sæbø vart det vaffler og brus. Ein kik på KatY sine kjolar vart det også. No skulle eg hatt ein link her til hennar nydlege kreasjonar men det har eg altså ikkje. Skal leite å sjå om eg finn den att. Ho er berre so flink.
Å sist men ikkje minst var eg å såg på min aller beste i verden John. HEIA HILMIL!! For ein innsats. Spelte tre kampar, både ute og i mål. Flinke guten min. So stolte av han. Tenk han fyller 8 år på torsdag..
So avsluttning på ein koseleg dag kjøpte vi oss "junk" som vi kosa oss med hos mor.
Eg elskar sundagar!!!!!!!!!!!

lørdag 5. juni 2010

Det var ein gong

Det var ein gong ein kjole eg kjøpte på cubus. Har brukt den ein gong. Den har hengt i skapet i to år.. Det er for gale egentlig, men kjolen passar meg ikkje lenger. Verken her eller der. Leid antageleg av ei alvorleg ammetåke då eg kjøpte den.. Anyway, slik såg den ut. Med stropper og ei "rysje" nederst. So klipper vi litt her og syr litt der. Kavar og kjenner det er lenge sidan siste eg har sydd. Men til slutt har det blitt ein ny sommar kjole . En heil del størrelsar mindre. Men rett fin vart den.
Eg klipte av "rysjen" nede og sydden den på at på den mindre versjonen. Syns det gjorde prikken over "i-en".

Dette bandet braut litt med resten so den ser litt meir spenstig ut. Viser litt dårleg her ser eg. Men der er turkis med nokre kvite krussedullar på.

Alt i alt sei eg meg fornøgd! Det er ikkje værst berre det, ha ei god helg!