torsdag 29. januar 2009

Utfordring

( Ylva 7 mnd)
Dagen i dag har gått med på å reise til Åse sjukehus. Ylva har "nedsett" hørsel på hvertfall venstre øre. Dette er andre gangen vi er der og i dag vart det bestemt at ho skal opererast så snart der blir ledig. I første omgang skal ho setje inn dren og seinare kanskje ta polyppane. Men grunna hennar unge alder ventar dei litt med det. Grunna blødningsfare osv. Off eg kjenner eg grur meg litt til det samtidig som det er til hennar beste. Er redd for språkutviklinga henna. Leitt om ho blir hengande etter. Og ho plagast med søvnen, spesielt om natta då ho våknar mykje og snorkar som en gammale kallj. Heilt vanvittig. Men no går det nå rette vegen da so får me stole på at helsevesenet gjer jobben sin.........

Så har eg fått eit utfordring av Monica so då må eg berre utføre den da...

Reglene er som følger:

1. Du må linke til den bloggen som tagget deg.

2. Lag en liste med seks (u)interessante ting om deg selv.

3. Tagg fem andre blogger, la dem vite det ved å kommentere på deres blogg.


1. Monica er linka oppe til høgre hjørnet. Ta deg ein tur til hennar bløogg ho er så koseleg!

2. Jaha den var verre da. Men skal gjere eit forsøk hvertfall

- Eg må ha kaffi om morgenen. Det er det første eg gjer når eg står opp, sette på kaffitraktar så kaffien er klar til eg er ferdig på badet

- Eg må skylle vannglasset to gongar før eg kan drikke av det

- Eg er ein frostpist, frys jamnt egentlig

- Eg må ha eit eller fleire strikk liggandetilfelle lysta teke meg

- Eg fekk foten i sykkelhjulet som lita jente og har eit fint arr nederst på foten

- Eg kleiar mykje og klarer aldri å la vere å pirke på sår

Ja dette var vel passe (u)interessant, I staden for å tagge 5 andre bloggarar så kan dei som er innom sida mi ta utfordringa. Trur kanskje dei fleste har tatt den frå før..

torsdag 22. januar 2009

Sånn går nå dagane....

No har me fått det som alle andre også har. Ikkje at me egentlig ønska oss det da. Nemleg influensa. Ylva hosta seg gjennom forrige veke og på søndag fekk Vilde høg feber og vart utrulig slapp. Ho kasta opp også. Lisje gullet mitt var ikkje i form. Har vore heime heile veka, slapp og elendig. Toppen av kransekaka so kasta Ylva opp i barnehagen på tirsdag. Men ho var nok ikkje sjuk. Var kun ein gong og etter Håkon henta ho var ho heilt tipp topp form.
Desse liljene var dei blomane eg kjøpte inn til forrige helg. Eg var i Ulsteinvik saman med to av mine beste venninder. Du veit, desse vennindene ein sjeldan møter grunna tidsklemme, barnefødslar, oppussing av hus, ferge osv, men som når de då endeleg treffest- ja då følest det som om det var i går. Vi hadde det så koseleg. Latter og tårer også faktisk. Shopping og kafebesøk. Så kom vi over desse liljene da, var på kampanje. Så då kjøpte vi oss kvar vår bukett. So no sit vi i kvar vår stue med kvar vår bukett og tenkjer på kvarandre. Koseleg ikkje sant? Elskar liljer, min fantastiske forlover som fiksa min brudebukett passa sjølvsagt på at akkurat den blomen var med i den. Buketten var egentlig bygt opp rundt den blomen, fantastisk.
I morgon er det helg att, vekene går so fort!! Lurer på kva bukett som får plass i stua mi då... :)

søndag 18. januar 2009

Med fare for å bli hekta!!

Eg kom over ein link hjå ein bloggar i stad som førte til ei side der ein kan redigere bilder "scrappe" osv. Kjært barn har mange navn. Er usikker på kva den rette benevnelsen er. Sida er denne http://www.picnik.com/app#/in/start. I alle tilfelle so har eg då laga meg nokre slike "kort". Syns dei vart litt fine. Og deet er kjempe artig og slettes ikkje vanskellig. Ein må berre prøve seg litt fram.
No må eg hvertfall stad å kjøpe blekk til printeren min. Dette er nå eit fantastisk verktøy til å lage tildømes bursdagskort, helsingar, sider til albumar osv.


Glad eg kom over denne sida. Her er det berre kreativiteten som setter grenser for kva ein kan gjere. Det er verdt å prøve!! Eg har hvertfall lagt denne til under "favorittar" på pcèn min.


DANCE WITH A STRANGER


I går var det hela i taket og tenna i tapeten på Rokken. Det var konsert med Dance with a stranger. Og det rocka altså. Me var ein god gjeng frå jobb som var der saman. Å kor me lo og kosa oss. Konserten var utrulig bra, skikkelig sceneshow og bandet hadde virkeleg publikum med seg. Frode Alnæs er ein sjarmør, kven skulle tru det? Elgen såg ut som Jesus. Med skjegg og det lange håret. Eg blei frelst for å sei det slik. Eg bøyer meg i støvet.

Eg kjenner eg er gira enda. Det er så herlig å føle at ein har hatt det så skikkelig artig. So godt å kunne le og kose seg med gode arbeidskollegaer. Det er alpha omega altså. Eg kan med handa på hjertet sei at eg gledar meg til å gå på jobb kvar einaste dag. Det er ei kjempe god kjensle å føle seg som ein del av eit fellesskap. Dei er ein fantastisk gjeng!

Dagen i dag har vel i blitt tilbrakt på sofaen. Er trøtt. Helt om natta, ikkje heilt så mykje helt om dagen. Må ta meg sjølv i nakken å gjere eit kvart. I morgon er det kvardag. Helga går fort. Så med dette ynskjer eg dokke ei hjerteleg god kvardagsveke!!!

fredag 16. januar 2009

Noko å tenkje litt på...

Dette burde vært skrevet på baderomsspeilet! Hvor man kunne lese det hver dag. Det er kanskje vanskelig å forstå , men det er 100 % sant...
1. Det er minst to personer i verden som du er villig til å dø for.
2. Minst 15 personer som elsker deg på en eller annen måte.
3. Den eneste grunnen til at noen hater deg, er at de vil være sånn som deg.
4. Et smil fra deg kan gjøre andre glad, selv om de ikke liker deg.
5. Hver natt er det NOEN som tenker på deg før de legger seg.
6. For noen er Du hele verden.
7. Du er spesiell og unik.
8. Det finnes noen som du ikke engang kjenner, som elsker deg.

onsdag 14. januar 2009

Nytt prosjekt !

Dei som kjenner meg veit eg berre må ha noke å gjer på. Har alltid eit strikk (eller fleire) liggande. No som eg er ferdig med babydressen eg har strikka til syster mi (eller smurfen hennar som ho kallar den) so måtte eg byrje på noko nytt. Tok turen innom Nettstrikk her ein dag og fiska med meg nokre brosjyrer heim. Sjølv om eg egentlig visste kva eg skulle ha so har eg studert blada perm til perm mange ganga. Elskar oppskrifter. Er nok litt snål der ja.
Som eg sa så visste eg kva eg skulle ha. Eg såg nemlig ei lita tulle i denne jakka og fallt pladask med en gong. " Den der skal eg strikke til Ylva". So no har eg lagt opp.. Vonar den blir kjempe lekker. Tenkjer litt på at Vilde også skal få seg ei. Får sjå om eg blir lei. Eg er ei sånn som ikkje strikkar lestar for eg syns det er kjedelig å strikke to likedan. Bildet har eg lånt frå internett http://www.sandnesgarn.no/Hefte.aspx?hefteId=500240&mElement=grupper. Mi jakka blir med litt anna garn og nokere andre fargar sidan dei ikkje hadde dei rette fargane og garnet inne. Men eg trur nok det blir fint likevel. Men no må eg begynne.
Ha ein strålande kveld!!

lørdag 10. januar 2009

Tidleg ein laurdagsmorgon...

Nokre dagare sidan eg har blogga no, det grunnast vel litt at mannen kom heim. Ein dag forsenka. Det var visst eit forferdeleg veir ute på "det store hav". Båten kom seg ikkje inn til land og om den so hadde gjort det, hadde antagelig ikkje flyet letta. Men no er han heime. Det er godt. Kjenner eg har senka skuldrane litt og pustar litt rolegare. I helga skal vi berre kose oss og slappe av. Vere saman. Desse skona kjøpte eg til Ylva første jula hennar. No står dei til pynt på sjenken min. Eg syns dei er så fine. Blenker i "lakken". Det er også ei lita påminning om kor lita ho har vore. Lisje dropset mitt.
I går var det tulipanensdag. Då måtte eg sjølvsagt ha ein bukett. Eg brukar å kjøpe ein bukett blomar til kvar helg. Syns det er so vakkert med friske blomar og då veit eg det er helg. Når dei står der i vasen og er så fine. Håper dei held seg lenge. Det er litt sånn vårstemning med tulipanar syns eg. Og eg lengtar veldig etter lysare og varmare tider. Der ein ikkje treng å ha på so masse kle, både på ungane og seg sjølv. Gledar meg til å pakke vekk bobledressar og vintersko! Vil leite fram vårjakker og joggesko!!

Med dette ynskjer eg doke ei strålande god helg!!!!


tirsdag 6. januar 2009

Minner...

Eg har den siste tida, siste året egentlig, vore flittig til å "plukke" med meg saker og ting som mi kjære mormor har lagt tilsides. Ting som ho ikkje brukar eller likar meir, men som eg har gode minner frå og sett stor pris på. Som feks denne klokka. Er ikkje den vakker? Den har i alle år hengt på kjøkkenet hennar. Kjøkkenet der eg har inntatt all slags nydeleg mat og løyst alle verda sine problemer saman med ho. Klokka virkar ikkje lenger da.. Men skal prøve å få reparert den. Den har sjarm. Mormor syns det er litt merkelig at eg vil ha alt dette skrotet, som ho kallar det. Verdifulle skattar kallar eg dei. Når vi tømte barndomsheimen hennar, kom eg over dette bilete. Det er av mormor, hennar bror og mine oldeforeldre. Mormor fortel at ho huskar endå kor redd ho var for fotografen. Eg syns det er eit fint bilete. Eg er glad i familia mi, både den som er no og den som var før mi tid. Eg kosar meg når eg les dei forskjellige slektstrea som har blitt skrevne. Artig å sjå kvar ein stammar frå. Kvar ein hører til.
I morgon er den etterlengta dagen. Min kjære kjem heim etter 4 veker på sjø. Det blir herlig, gledar meg til å sjå han att. Det blir tidleg kveld så morgondagen kjem raskare. Det blir sikkert lange timar på jobb i morgon...
Ha ein triveleg kveld!

mandag 5. januar 2009

Drømmehagen

Her er årsaka til at det er stilt ein liten halvtime pr dag heime hjå oss. Ungane sitt heilt stille med storeauge og kikar på "drømmehagen" på Nrk super. 17.30. For meg litt ubegripeleg underholdning, for ungane det store høgdepunktet. Men det skal vere sagt, serien fell godt inni våre rutiner. Ei flott "avkjøling" før kvelden startar med kveldsstell osv. Eg kjøpte også denne dukka til Ylva på moa og då fortalde butikkdama at dei hadde satt fram dukkene den dagen og den eg kjøpte var den siste. Så dei er tydleg populære blant den yngste garde. I skrivande stund går denne serien og er snart ferdig. Så då endar eg mitt innlegg og gjer meg klar til kveldsbading. Dei er trøtte etter at kvardagen byrja igjen i dag... Det er visst eg også. Ha ein koseleg kveld!

fredag 2. januar 2009

Muffins!!

Eg simpelthen berre elskar muffins! Dei er so geniale, raske å lage, enkle å lage og smakar heilt fortreffeleg! Vi lagar dei ofte og spesielt etter eg kjøpte den boka. Der er masse flott oppskrifter av forskjellig slag.. Til fest og kvardags. Med frukt, nøtter, sjokolade. Den sunne varianten, den usunne varianten. I dag har vi laga av denne oppskrifta:
Porsjonskaker med sjokoladebiter:
  • 7 ss mjuk margarin
  • 100 gr strøsukker
  • 2 store egg
  • 100 gr kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 100 gr kokesjokolade

Forvarm ovnen til 190 c, sett ca 8 muffinsformer på eit muffinsbrett.

Ha margarin, sukker, egg, mjøl og bakepulver i ein stor bolle, og visp det saman med ein elektrisk handmikser til det er so vidt jevnt. Rør inn sjokoladebitane forsiktig. Fordel blandinga i formene.

Steik kakene i steikeovnen i 20-25 minutt til dei har heva seg og er gylden brune. Sett på rist til avkjøling. Desse må dokke prøve!


No kosar eg meg med ein kaffi og strikket mitt mens jentene søv og muffinsane er i ovnen.
Ha ein god fredag!!!


torsdag 1. januar 2009

"Årskvalkade"

26 juni: vi gifta oss i Volda tingrett i strålande sol. Ein fantastisk dag, ein vidunderlig start for resten av vårt liv
17 mai: Hipp hipp hurra. Min flotte son går for siste gang i tog under barnehagen si fane..

April: Ein nydeleg vår dag i fjøra.


14 februar: Vilde blei 2 år



Januar: to flotte systre ligg på golvet å kosar seg




(arg, bilda kom i feil rekkefølge)Mimre litt frå året som har gått. Sjå kva ein huskar, tida flyg så fort forbi. Syns vi nettopp har feira nyttår. I går gjekk det opp for meg at det var første nyttårs aftan på tre år at eg ikkje er gravid eller ammar. Litt artig å tenkje på. Vemodig å feire nytt år utan Håkon, vår første nyttårsaften som gifte. Heldigvis var dei i land, i Stavanger, so me fekk snakke på telefon.
Januar: Ylva blir innlagt på Åse med diare. Heile opplevelsen med Åse sjukehus og mottakinga me fekk der får meg til å ville gråte den dag i dag... Grusomt. Men dei gav oss, etter mykje om og men ei fullverdig og god behandling. Og pleiarane på barneavdelinga er fantastiske...
Februar: Vilde fyller to år. Og me feirar saman med bestevenninda hennar Andrea. Kjempe gøy.
Mars: Ungane får ei nytt søskenbarn og vi blir onkel og tante. Karianne ser dagens lys på Lillehammer sykehus
April: Mor i huset blei et år til i år også.
Mai: Vi feirar navnefesten til Ylva. Ein kjempe koseleg og fin dag. Vakkert veir.
Juni: 10 juni- John fyller 6 år, hipp hurra for storeguten vår!! Vi er i barnedåp på Brøttum, i same slengen hiv vi inn ein aldri so liten tur til sverige. Dette vart ferien vår år-08. Nevnte eg at alle kasta opp i løpet av den 5 dager lange turen??? 26 juni- Håkon og eg giftar oss i all hemmlegheit :)
Juli: 4 juli- Henrik fyller 8 år hipp hurra. Me ferierar på Viddal i nydeleg veir og godt selskap!
August: Den harde kvardag byrjar igjen. John sin første dag på skule, Ylva sin første dag i barnehage, Vilde sin første dag i barnehage som en av dei store på avdelinga, Henrik sin første dag i 3 klasse, min første dag i ny jobb, Håkon sin første dag i ny jobb. Mange "første gangar"..
September:Livet går sin gong, med forkjølelsar og feber. Ungane trivast i barnehage og skule.
Oktober: Ylva fyller 1 ÅR, Hipp hurra!! Den dagen var litt vemodig. Syns det var litt trist.. Ho er lisje dropset mitt og min siste baby. Brått blei ho so stor
November: Nye verdensborgarar kjem til.. To av mine nære venninder får kvar sin flott gut. Velkommen Matheo og Elias.
Desember: Håkon reiser på sjø. Borna og eg feirar ei vellukka julaften hjå mor og mormor.
Med dette laaaange innlegget YNSKJER EG DOKKE ALLE SAMAN EIT GODT NYTT ÅR!!!!