Viser innlegg med etiketten utflukter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utflukter. Vis alle innlegg

mandag 21. september 2009

Trappelunsj og inspirasjon

Då er me klare for ei ny veke. Ny dagar, ny muligheiter. På fredag var eg saman med mi gode venninde Lovise og prinsen hennar. me var heilt på "slyngen". Cafe og shoppingrunde. Turen gjekk i den forbindelse innom Ørsta Stoffsenter. Eg har gått å venta på at dei skal få inn meir stoff, og no var det endeleg komt. Velour i rødt, rosa, lilla, turkis, grått og brunt. Ribb i regnbuefargar. Å her ser du kva eg enda opp med. Brun velour, eit bomullstoff og den fantastisk fargerike ribben. No fundera eg berre på kva eg skal lage. Har ein ide eller ti. Må nok ta turen bort dit ganske snart igjen. Sjølv om det kanskje ikkje blir so mykje sying enda. Handa mi er ikkje einige med meg om dagen. Merkar at mannen er borte og at eg difor må gjere det meste sjølv. Det slår nok litt ut i skuldra, men men.
Dette bilete måtte eg berre legge til. Det tok eg i går føremiddag. Jentene var so leide av å vere inne so vi tok på oss godt med kle og brødskive ut i regnet. Her et dei lunsj på trappa i eit lite øyeblikk av opplett.
Ha ein flott mandag!

tirsdag 16. juni 2009

Hit burde alle ta seg ein tur!

Nemleg til Atlanterhavsparken. So kjempe koseleg. Ylva var so fasinert over alt som var å sjå på, "OI oi oi" og peika og lo. Me fekk mate fiskar med reker og fekk nesten litt for mykje nær kontakt under den seansen. Pingvinar såg me også. Eg hadde forstilt meg dei på ein litt anna måte. Litt meir svart og kvite, større.. Men nydlege var dei. Ein kan få vere med på å mate dei også (14.30 kvar dag trur eg det var), men det var litt kjølig so vi valgte å avstå frå det. Vilde og Ylva poserare gjerne!!
Her er Ylva framfor den største tanken. Den var ca 18 meter breidd og er vistnok ganske einståande av sitt slag då den har saltvatn direkte frå havet og ekte plantar. Og ikkje plast slik som dei fleste andre slike tankar har. Her var det også dykkershow (15.30), der dykkeren matar fiskane frå hand. Utrulig artig å sjå på!
Sjå berre på ansiktet til Vilde, meir fornøgde jente skal en leite lenge etter!
Me kjem hvertfall til å ta turen hit fleire gongar.
Ellers so er Vilde og eg heime i dag. Ho har feber og er uvel. Eg har senebetennelse i eine arma og er sjukmeldt ut veka. Kjempe kjedelig. Får verken vaska, rydda, strikka eller sydd. Heldigvis hjalp kortison sprøyta eg fekk i går. Så dagen i dag er mykje betre enn i går! No lengtar vi etter at mannen og pappa skal kome heim. Vi lengtar etter sol, varme og gledar oss til sommarferie.
Ha ein flott og solfylt tysdag!