Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg

mandag 21. september 2009

Trappelunsj og inspirasjon

Då er me klare for ei ny veke. Ny dagar, ny muligheiter. På fredag var eg saman med mi gode venninde Lovise og prinsen hennar. me var heilt på "slyngen". Cafe og shoppingrunde. Turen gjekk i den forbindelse innom Ørsta Stoffsenter. Eg har gått å venta på at dei skal få inn meir stoff, og no var det endeleg komt. Velour i rødt, rosa, lilla, turkis, grått og brunt. Ribb i regnbuefargar. Å her ser du kva eg enda opp med. Brun velour, eit bomullstoff og den fantastisk fargerike ribben. No fundera eg berre på kva eg skal lage. Har ein ide eller ti. Må nok ta turen bort dit ganske snart igjen. Sjølv om det kanskje ikkje blir so mykje sying enda. Handa mi er ikkje einige med meg om dagen. Merkar at mannen er borte og at eg difor må gjere det meste sjølv. Det slår nok litt ut i skuldra, men men.
Dette bilete måtte eg berre legge til. Det tok eg i går føremiddag. Jentene var so leide av å vere inne so vi tok på oss godt med kle og brødskive ut i regnet. Her et dei lunsj på trappa i eit lite øyeblikk av opplett.
Ha ein flott mandag!

tirsdag 1. september 2009

StøvleShopping

I dag blei det endeleg støvlar til Vilde. Valet fall til slutt på desse støvlane. Så kalla Dock Boots.
Dock Boot er en den nye generasjonen gummistøvler. Dette er en allværstøvel som passer hele året i temperaturer fra +15 til -20 grader. 5mm neopren isolerer og holder vannet ute. Sålen er i slitesterk gummi, noe som gir godt feste. Tå og helparti er forsterket og barnemodellene er utstyrt med reflex. Si adjø til illeluktende sherox! Bilete og tekst her:
http://trapessko.no/catalog/product_info.php?manufacturers_id=48&products_id=482
Eg handla på Sko pluss i Volda, og dei eg kjøpte var svarte med apehovud på. Kjempe stillige. Dei har dei også i rosa med svarte hjerter til born. Til voksne har dei desse i blant anna lilla, svart og i rødruta. Vart visst litt reklame dette. Så gjenstår det å sjå om eg kan sei farvel til cherroxane....