Bilder av gutterommet kjem. Siste finish i kveld.
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
søndag 9. mai 2010
Make-over
I min pure ungdom, fekk eg denne puffen av ein bekjent. Det er ein slik som ein kan både sitje på og oppbevare ting i.
Siste åra har sonen min hatt denne på rommet sitt. Ikkje særleg vakker, men funksjonell.
Men so teke ein litt stoff, ei stiftemaskin og ei saks og simsalabim so har puffen blitt god som ny:
Den vart vel fin? Eg har nyleg mala gutterommet. To veggar er lyse blå og eine veggen er knall-mørk blå. (Ja rommet har sjølvsagt 4 veggar, men den eine veggen er dekka av skap) So fargane på rommet ellers skal gå i mørkeblått. So då passa jo denne flott inn. Stoffet kjøpte eg for 10,- kr meteren eller noko sånt i Molde i fjor sommar. So då har eg litt att for å sei det sånn. Kanskje det blir nokre puter eller noko sånn.
søndag 29. november 2009
Slik blei det
Slik blei det denne gongen. Man tager en springform, ja ei slik du bakar sukkerbrød i. Malar på tal, lim på band og kjøper ein magnet nisse, voila Du har ein adventskalender. Tilføy eit dådyr, 4 lys, dekorstein,"snø" +++ og vips so har du også ein litt annaleis adventstake. Eg syns det blei fint eg.
I tilegg til springforma, fekk eg også sandkakeformene til mor. Ikkje for å bake, men for å ha lys i. Eg må sei mef rett nøgde med resultatet.
Kva syns du?
Ha ein god 1. sundag i advent, no skal me på julegrantenning.
søndag 31. mai 2009
Sommarhandel
No er heldigvis sommaren komen! Heimen og kleskapa trengde litt nytt. Så dei fire generasjonane (les: mi mormor, mi mamma, eg og mine to minste) tok turen gjennom Eiksundtunnelen til Ulsteinvik. Her vart det blant anna shorts til John og Ylva, et par sommmar kjolar til jentene, kortbukse til meg sjølv og so fant eg nokre geniale badesko til deillige dagar på stranda.
På kid kjøpte eg tilbehør til uteplassen vår. Brikker til utebordet, lys osv. Kjøpte eit stilig sengetrekk og fleeceteppe som eg skal sy sommarpose til Ylva av. Å denne lekre liftgardina fekk også vere med heim. Den heng i gangen min og gjer ein kjempe forskjell i forhold til den grusomme grønne som var der før. Deillig med litt forandring.
Og sist, men ikkje minst, dette stillige skiltet. Har hengt det i gangen så det ikkje skal vere noko tvil om husreglane. Huskar ikkje navnet på butikken, men der var veldig mykje fint. Ein del interiør små ting, litt smykker og en del design kle. Design av feks ei som har laga ein del kjolar til Martha Louise.Huska sjølvsagt ikkje navnet... Bazar eller noko slikt. Mykje lekkert og absolutt verdt eit besøk.
I dag skal vi vere ute og nyte sola i nye sommarkjolar! Det er berre so deillig ute, nyt dagane dokke også!
.
I dag skal vi vere ute og nyte sola i nye sommarkjolar! Det er berre so deillig ute, nyt dagane dokke også!
torsdag 21. mai 2009
"Alle hjerter gledar seg"
Denne vart til i går kveld, ein søt liten baby-kjole. Er litt bekymra for at den vart litt kjedelig, kva syns du?? Litt kjedelig i fargane liksom?
Valgetskval i kva knappar eg skulle velje. Stoffet er ein litt udefinerbar farge. Så eg kom på denne geniale løysinga- ein liten rød i ein større gulaktig knapp. Håper mor til den lille likar kjolen !
Hadde lyst å vise kva eg kjøpte då eg var på Moa sist, på Tante Bruuns. Denne flotte tavla til å skrive beskjedar på og henge opp feks bilder. Eg har hengt opp nokre "jesus-bilete" som eg også kjøpte der. Kjempe fine.
Denne skatten fant også vegen til min handlepose. Syns det var vakkert, som alle hjerter er. Jomfru Mariah på..
Ellers byrjar sjuka å sleppe litt taket. Hovudverken har gitt seg litt og halsen er bedre. So no går det rette vegen og vi kryssar fingrane for at ikkje fleire i "Kaos eller ro"-heimen får denne influensa. Vi vil nyte helga og det håpar vi dokke med gjer !
søndag 5. april 2009
*Påske*
Ja so er det Påske da. Tida går fort syns eg, men i rett retning. Mot lysare tider, føler meg tung og sliten for tida så det skal bli godt med vår og sol. Min påskeferie byrjar ikkje før onsdag, når den først kjem skal den nytast for alt det er verdt.
Med fare for å høyre hjelpeslaus ut så gløymde min kjære å ta ned påskepynten frå mørkeloftet, som eg ikkje kjem meg opp på, før han drog. Så det blir ikkje den vanlege påskepyntinga her i hus i år. Men eg kjøpte litt nytt da. Må nå ha noko, som flotte tulipanar! Er dei ikkje vakre?
Nille har mykje fint, alt på dette bilete er der i frå. Fatet kosta 20 kr og er av rein plast. Ikkje heilt min favoritt da, plast altså. Men syns fatet var fint da. Egglysa er faktisk frå rema når eg tenkjer meg om.. Fint blei det hvertfall på stuebordet mitt
Søtt lite egg på greina mi...
Så fant eg denne kjekke boka på notabene. Dei har ofte bøker på salg, ofte diverse mat bøker. Og sidan eg elskar små kaker og muffins osv så kjøpte eg denne. Gledar meg til å prøve nokre av oppskriftene.
I dag har eg vore på tur med borna, mora mi og mormora mi så det blir sikkert eit innlegg om det seinare.
Med fare for å høyre hjelpeslaus ut så gløymde min kjære å ta ned påskepynten frå mørkeloftet, som eg ikkje kjem meg opp på, før han drog. Så det blir ikkje den vanlege påskepyntinga her i hus i år. Men eg kjøpte litt nytt da. Må nå ha noko, som flotte tulipanar! Er dei ikkje vakre?
Ha ein god Palmesundag!!
søndag 1. februar 2009
"Stuefornying!"
Den siste veka har vore prega av eit fantastisk veir. Det har vore nærmast ein draum å vere på jobb i dette vårlege veiret. Og no i helga toppa det seg igrunnen heilt, ja det var enda til varmt i veiret. Kjempe herleg og eg kjenner vår kjensla kjem snikande. Føler for fornying, denne gang var det stua som fekk litt "make-over".
Her er "før-bilerte":
Fatet du ser her kjenner du kanskje att, det er same fatet som vart brukt til adventlysa min. Eg har arva det frå mi oldemor. Bilete i ramma er det som følgde med når eg kjøpte den på "Kremmerhuset" for ei tid tilbake. Dei små blå dekor steinane og lyse stakane vart handla på Skeidar.
"Fryd" hadde fått inn nye vare og eg hadde eit gavekort der, no fekk eg endeleg brukt det. Eg kjøpte desse flotte putene og dei blå løperane. Syns dei var skikkelig fine, sjølv om det var litt uvant med det første. Har den siste tida brukt mykje lilla, så det har vore litt mørkt hjå meg.

Men dette syns eg vart lyst og lett. Kjennes godt med litt forandring. Løparen på bordet får etter dagens erfaring berre være på når Ylva har lagt seg for kvelden. Den var akkurat så lang at ho dreg den med seg når ho går ei av sine million runder rundt bordet (som forøvrig skal skiftast ut då det ikkje passar med noko.....)
Her er "før-bilerte":
Men dette syns eg vart lyst og lett. Kjennes godt med litt forandring. Løparen på bordet får etter dagens erfaring berre være på når Ylva har lagt seg for kvelden. Den var akkurat så lang at ho dreg den med seg når ho går ei av sine million runder rundt bordet (som forøvrig skal skiftast ut då det ikkje passar med noko.....)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
