Viser innlegg med etiketten Sying- klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sying- klede. Vis alle innlegg

torsdag 23. september 2010

Litt ny "produksjon"

Tenkte berre å vise noko av det eg har laga siste tida. Bileta kom desverre i feil rekkefølge, eg lærer meg visst aldri det der.
I August kom vakre Sofia til verda og eg vart tante for 8 gang. Ho er nydeleg! Og mora ønskte seg en Mei Tai til å bære ho i. Bilete av den er lenger nede. Av reststoffet sydde eg denne hua til ho. Denne modellen har eg brukt mykje før og den sitt veldig godt på hovudet. Retro. Eg hadde slike "hjelmar" då eg var lita. Klart vakre Sofia må ha ein slik. (Her er "Andreas" modell, 28 år gammal)
Har visst gløymt å snu bileta. Her er eine "panelet",som det visst nok heite, av Mei taien.


Her er det andre "panelet". Fargane lyg litt her, stoffet er en deillig mild turkis med brunt mønster.
Her er den på. Vil berre seie om nokon reagerar, eg veit ikkje korleis ein knyter desse Mei Tai-greiene på.
I Trondheim blei prins Sverre født for nokre dagar sidan. Hans far er ein av mine beste venar. Me har kjent kvarandre alltid. So klart at eg då måtte strikke ei gave då han skulle bli pappa.

Nydlege detaljar på den syns eg.
Å her kjem første kreasjon etter nye boka mi, SikkSakk. Sydd av oldefar sine skjorter.
Min besten var i sine betre dagar ein ganske stor mann kan en vel seie so det vart litt mykje stoff å skulle sy og få fint. Spesielt rynketrådane, der ein brukar heile vidda. Men eg seier meg fornøyd, og sitt at med ein kjole eg er glad i og alt har minne frå.
Stoffet til hua og Mei Taien (panelet) er kjøpt på Stoffsenteret i Ørsta. Selane er noko eg hadde liggande. Mønsteret fant eg litt her og der, rundt om kring på nett.
Kan også nevne at Sverre si jakke er strikka i Duell som er en tråd som er 50 % ull, 50 % bomull. Veldig mjuk og deillig.
Kjem på i skrivande øyeblikk at eg også har strikka to kjolar i alpakka. Men det får eg skrive om ein annan gong.
Hausten har forresten komt, eg forsett på halsskjerfet mitt.
Ha ein fin kveld!









tirsdag 7. september 2010

Ny bok

Å lykka var stor då eg fann denne boka!! Eg såg den først i Ulsteinvik, men den vart ikkje kjøpt då. Har leita etter den litt sånn sporadisk sidan, før eg ein dag fekk bestilt den på Notabene. So i dag ringde dei, hurra boka var komt. So langt har eg berre kika litt, men eg gledar meg til å prøve dei forskjellige oppskritene. Mange fine kjolemønster. Føler dette vil gå hardt utover besten sine skjorter. elskar slike bøker, fulle av inspirasjon. Gledar meg!



lørdag 5. juni 2010

Det var ein gong

Det var ein gong ein kjole eg kjøpte på cubus. Har brukt den ein gong. Den har hengt i skapet i to år.. Det er for gale egentlig, men kjolen passar meg ikkje lenger. Verken her eller der. Leid antageleg av ei alvorleg ammetåke då eg kjøpte den.. Anyway, slik såg den ut. Med stropper og ei "rysje" nederst. So klipper vi litt her og syr litt der. Kavar og kjenner det er lenge sidan siste eg har sydd. Men til slutt har det blitt ein ny sommar kjole . En heil del størrelsar mindre. Men rett fin vart den.
Eg klipte av "rysjen" nede og sydden den på at på den mindre versjonen. Syns det gjorde prikken over "i-en".

Dette bandet braut litt med resten so den ser litt meir spenstig ut. Viser litt dårleg her ser eg. Men der er turkis med nokre kvite krussedullar på.

Alt i alt sei eg meg fornøgd! Det er ikkje værst berre det, ha ei god helg!

søndag 11. april 2010

Med krølla hale

Endeleg på tide med lettare klede. Og vår huer!!
So då vart det det, vårhuer altså. Med krølla hale og nasegrev. Eg har gjort om litt på oppskrifta som eg hadde for det var ein type baggyhue. Er ikkje 100 % fornøyd, men syns den vart skikkelig tøffe.

Den er hvertfall unik.
Er glad for at våren brakte med seg litt ny motivasjon til å sy. Kjenner eg treng det no. Lys og varme.. Tru og håp også for den del.
Ha ein nydeleg søndag!


onsdag 7. april 2010

Rosa bombe

Shmacka saman dinna i kveld! Jenta har valgt stoffet sjølv. Deillig mjuk grå velour og eit mjukt rosa stripa stoff som eg ikkje huskar navnet på... Vart so trøtte. Mønsteret huskar eg heller ikkje kvar eg fann det frå, men trur det er frå Børnetøy.
Ei rosa bombe til ei nøgde jente !

onsdag 27. januar 2010

STAR!!

Den store stjerne-smellen.
Eg har laga bukse til Vilde. Med stjerne bak. Soon-to-be-eigaren er særs nøgd. Trur nok ho blir glad når mora endeleg vart ferdig med den. Ikkje at buksa var særleg komplisert, men eg knota so lenge med ribben nede..
Mønster: Sy sejt børnetøy. Stoff: Velour frå Ørsta stoffsenter, og ribb frå E-sloyd (trur eg). Denne sprayen er ei nødvendigheit. Og eg er so glad for at Monica tipsa meg om den. Det er lim rett og slett, super ved applikasjonar og kanting av feks velour. Berre å spraye på.
Enkelte har det godt. Pusen vår har blitt stor, for stor til senga si ser det ut til... Er ikkje han fin vel??
Eg har blitt inspirert av ei kjekk dame eg arbeidar saman med. So eg har nokre idear no i hovudet. Har planar om å teste ut. Vil ikkje sei noko meir, berre gjer dokke som er innom bloggen min nysgjerrige,
og du om du er innom her, legg at ei helsing då vel !


onsdag 20. januar 2010

Stardust

En kjole til meg sjølv. No treng eg berre "mot" nok til å bruke den...
Den er sydd i fleece, mønsteret er det same som den brune kjolen med ein del endringar. Har formsydd den litt meir og laga "alvehette" på. Hetta er ganske lang bak.
Kanskje er dokke "heldige" å får sjå actionpics etterkvart.

lørdag 14. november 2009

Snart jul...

Ja for det nærmar seg jul med stormsteg og det er tid for julegåveplanlegging. Var tenkt å lage ein del av gåvene sjølv i år. Er ikkje det koseleg å få noko som ikkje er masse produsert?
Dette er eit test-produkt:



Eit slags penalhus, eller til sminke kostar. Eller strikkepinnar? Det er som sagt ein test og mønster ut av eige hovud. Prinsippet er greitt men eg ser at den må vere større alle vegar. Ellers syns eg den var oki.


Ups, eit litt uheldig bilete. Monica er ein engel som har lånt meg nokre bøker med oppskrifter. Denn er den første eg har sydd av dei bøkene: Børnetøy. Stoff frå Esløyd.

Dette er Vilde sin kjole. Ho har sjølv valgt "strø/bær" til muffinsen sin. Syns den vart fin eg,
Denne har same opprinnelse som den forrige. Dette er tenkt at skal være ei julegåve, men eg er litt i tvil om kanskje berre Ylva skal få den.. Ho likte den so godt. Det gjorde mora også. Eg har litt prestasjonsangst på å gi frå meg ting eg har laga, enn om det ikkje er bra nok.....
Skal det vere ein bit??? Den ser jo god ut!
God helg!






tirsdag 13. oktober 2009

Polkadottjentene i actionpics

Her er ei lita oppdatering på syfronten. Det blir desverre ikkje so mykje av det for tida. Og når eg syr tek det lengre tid enn vanleg.
Eg var på sy-treff på Ørsta stoffsenter forrige fredag. Kjempe kjekk kveld med kreative damer. Dette enda jo som det måtte, ei overlock maskin står no høgt på ønskelista. Helst i morgon, men kan til nøds vente til jul da hint hint....
Her er jakka eg sydde til Vilde på treffet. Mønster: Sy sejt børnetøy,
Stoff: det rosa (hetta og lomma) Ørsta stoffsenter. Det røde er eit fleece teppe frå Jysk faktisk.
Ups,, har gløymt å snu bileta som btw er mobilbileter og difor kanskje litt uklare.. Du får legge litt på hovudet når du ser på bileta.
Her er Ylva i farta med si jakke. Trur eg har skrive om den før. Det er hverfall leeeenge sida eg har sydd den. Men her kom hetta virkeleg til sin rett. Anyway so er mønsteret det same som på Vilde si jakke og stoffet er frå Ørsta stoffsenter
I dag kjem endeleg mannen min heim, vi gledar oss veldig. Blir kjekt å sjå han ettersom han har vore borte i fire veker!
Ha ein fortreffeleg tysdag!


mandag 21. september 2009

Trappelunsj og inspirasjon

Då er me klare for ei ny veke. Ny dagar, ny muligheiter. På fredag var eg saman med mi gode venninde Lovise og prinsen hennar. me var heilt på "slyngen". Cafe og shoppingrunde. Turen gjekk i den forbindelse innom Ørsta Stoffsenter. Eg har gått å venta på at dei skal få inn meir stoff, og no var det endeleg komt. Velour i rødt, rosa, lilla, turkis, grått og brunt. Ribb i regnbuefargar. Å her ser du kva eg enda opp med. Brun velour, eit bomullstoff og den fantastisk fargerike ribben. No fundera eg berre på kva eg skal lage. Har ein ide eller ti. Må nok ta turen bort dit ganske snart igjen. Sjølv om det kanskje ikkje blir so mykje sying enda. Handa mi er ikkje einige med meg om dagen. Merkar at mannen er borte og at eg difor må gjere det meste sjølv. Det slår nok litt ut i skuldra, men men.
Dette bilete måtte eg berre legge til. Det tok eg i går føremiddag. Jentene var so leide av å vere inne so vi tok på oss godt med kle og brødskive ut i regnet. Her et dei lunsj på trappa i eit lite øyeblikk av opplett.
Ha ein flott mandag!

onsdag 16. september 2009

Dott på polkadott

Actionpics av Tuva i elefantsmekka frå tidlegare innlegg:
Har sydd ny fleecegenser til minste dropset mitt. Med "alvehette" og hjerteapplikasjonar på ryggen og lomma framme.
Mønster: Sy sejt børnetøy, Stoff: Fleecestoff frå Stoffsenteret i Ørsta, bomullsstoffet fra Stoff & Stil. Eg syns den vart veldig tøff da. Godt fornøyd med lomma og hetta for det er første gong eg syr slikt. Men eg ser at eg må opp ein størrelse i hetta, for den vart pittelitt lita. Halsåpninga måtte eg justere litt også. Ein lærer etterkvart. Men ellers syns eg mønsteret var enkelt og veldig greitt å følge.

Eg har same stoff som for i hetta som på applikasjonane. Og med dekorsaumane rundt hetta vart genseren super. Ylva vart også fornøyd og Vilde annonserte at ho også vil ha slik, men med sommarfuglar so stay tune for forsettelse


fredag 4. september 2009

"Sjå kva eg kan"

"Eg kan halde katten heilt aleine"
Åh det er so gøy og lille mor er so stolt. Litt meir usikkert korleis Pus føler om sitiuasjonen.

Har sydd smekke til tantejenta mi, Tuva. Dei har komt på visitt og tanta obesrverte sikkel frå den lille sin munn. I følge mor har ho ikkje smekke og alle ho finn har plast bak. Og det er ikkje ynskjeleg. So då måtte supertante sy ei. Blir nok fleire, men ikkje i dag. Skal prøve å få gjort litt i huset til helga.
Me skal nemleg på kjærstetur saman med eitt vennepar av oss! Me gledar oss veldig, skal verte deillig å vere kjærsta litt. Ser fram til deillig mat, drikke og koseleg selskap.
Ha ei god helg, det skal hvertfall eg!



søndag 2. august 2009

T-skjorte og actionpics

Har då prøvd meg på ei t-skjorte. Den vart ok , men må fiksast litt på då den vart litt for lang i armane og ribben ikkje vart heilt so planlagt. Ein lærer av sine feil, det er viktig." Elefant på vandring"
Actionpics: Her er Vilde i sin elefantkjole. Særs fornøgde :)
Og Ylva i sin. Det kvite du ser på arme er ein body som ho har under for å halde bleia på plass, hehe.
Jentene stiller ivrig opp som modellar for mor i sine nye kjolar. Mor kan seie seg rett nøgde :)



fredag 24. juli 2009

Elefantkjolar

Monica (Mo9ca design, sjå blogg link på høgre side) og eg bestillte for leeeeeeeeenge sidan stoff ilag. No er det endeleg komt og hit til har eg sydd to kjolar av stoffet. Denne øverste er Vilde sin. Den vart litt for stor, men går fint å bruke den likevel.
Mønster: Barn igjen
Stoff: ja.. Kva var det det heite der da, Jofexson eller noke??
Her er Ylva sin. Same mønster ,men med............................
armar i velour (frå Stoff og stil).

Må sei meg fornøyd og eg angrar på at eg ikkje bestillte meir stoff. Spesielt angrar eg når eg veit kor lang tid tek for å få stoffet. Burde også ha "Rocka" den litt meir opp. Applikert eitt kvart eller liknande. Jaja La gå. Trur jentene blir fine i kjolane sine. Skal ta action bilete i morgon.
No skal eg nyte fredagskvelden! Ha ei god helg, det skal eg. Gledar meg til 30-års lag i morgon!