torsdag 23. september 2010

Litt ny "produksjon"

Tenkte berre å vise noko av det eg har laga siste tida. Bileta kom desverre i feil rekkefølge, eg lærer meg visst aldri det der.
I August kom vakre Sofia til verda og eg vart tante for 8 gang. Ho er nydeleg! Og mora ønskte seg en Mei Tai til å bære ho i. Bilete av den er lenger nede. Av reststoffet sydde eg denne hua til ho. Denne modellen har eg brukt mykje før og den sitt veldig godt på hovudet. Retro. Eg hadde slike "hjelmar" då eg var lita. Klart vakre Sofia må ha ein slik. (Her er "Andreas" modell, 28 år gammal)
Har visst gløymt å snu bileta. Her er eine "panelet",som det visst nok heite, av Mei taien.


Her er det andre "panelet". Fargane lyg litt her, stoffet er en deillig mild turkis med brunt mønster.
Her er den på. Vil berre seie om nokon reagerar, eg veit ikkje korleis ein knyter desse Mei Tai-greiene på.
I Trondheim blei prins Sverre født for nokre dagar sidan. Hans far er ein av mine beste venar. Me har kjent kvarandre alltid. So klart at eg då måtte strikke ei gave då han skulle bli pappa.

Nydlege detaljar på den syns eg.
Å her kjem første kreasjon etter nye boka mi, SikkSakk. Sydd av oldefar sine skjorter.
Min besten var i sine betre dagar ein ganske stor mann kan en vel seie so det vart litt mykje stoff å skulle sy og få fint. Spesielt rynketrådane, der ein brukar heile vidda. Men eg seier meg fornøyd, og sitt at med ein kjole eg er glad i og alt har minne frå.
Stoffet til hua og Mei Taien (panelet) er kjøpt på Stoffsenteret i Ørsta. Selane er noko eg hadde liggande. Mønsteret fant eg litt her og der, rundt om kring på nett.
Kan også nevne at Sverre si jakke er strikka i Duell som er en tråd som er 50 % ull, 50 % bomull. Veldig mjuk og deillig.
Kjem på i skrivande øyeblikk at eg også har strikka to kjolar i alpakka. Men det får eg skrive om ein annan gong.
Hausten har forresten komt, eg forsett på halsskjerfet mitt.
Ha ein fin kveld!









tirsdag 7. september 2010

Ny bok

Å lykka var stor då eg fann denne boka!! Eg såg den først i Ulsteinvik, men den vart ikkje kjøpt då. Har leita etter den litt sånn sporadisk sidan, før eg ein dag fekk bestilt den på Notabene. So i dag ringde dei, hurra boka var komt. So langt har eg berre kika litt, men eg gledar meg til å prøve dei forskjellige oppskritene. Mange fine kjolemønster. Føler dette vil gå hardt utover besten sine skjorter. elskar slike bøker, fulle av inspirasjon. Gledar meg!



mandag 6. september 2010

Ein sommer er over

Ja so tok det slutt denne gongen også. Og denne gong utan å ha begynt egentleg. Vart ikkje mykje til sommar i år. Lite sol og varme. Likevel har me hatt fine dagar og mehar egentlig ikkje hatt på oss regnkle, men ikkje kortbukser og shorts heller. Ikkje so ofte som ønskeleg hvertfall.
Men me hadde blant anna ei deillig helg på Flø, utanfor Ulsteinvik. Her kjem turen i bileter.

Vilde nyt sola.
Den tannlause :)


Vakre Ylva

Jammen er Ylva heldig som har ein slik sterk storebror


Nydeleg solnedgang. Vakre fargar som varte i det uendlege!


John fann eit skjell med ein bitteliten "kreps" inni.

Det ser ut til at det vert ein flott haust. Dagen i dag har hvertfall vore herleg varm.
Likar hausten eg.. Fargane og luktene. Stearinlys og strikketøyet mitt. Ein varm kopp te. herlige tide.
God haust!