Så ullfilt og tove-nål vart innkjøpt. Har aldri tova med nål først so eg fekk ein rask instruksjon på Ørsta stoffsenter viste seg å være ganske enkelt egentlig.
Viser innlegg med etiketten *Trude gjer ting ho ikkje kan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten *Trude gjer ting ho ikkje kan. Vis alle innlegg
torsdag 16. desember 2010
Og vegen blir til mens ein går.
Etter prøvevottane (vist i forrige innlegg) viste seg å vere "enkle" bestemte eg meg for å prøve å sy nokre i ullfilt også.
Så ullfilt og tove-nål vart innkjøpt. Har aldri tova med nål først so eg fekk ein rask instruksjon på Ørsta stoffsenter viste seg å være ganske enkelt egentlig.
Vart to forskjellige par. Syns dei vart fine. Ganske god passform på, kankje eg rett og slett skal ta eine paret sjølv.
Så ullfilt og tove-nål vart innkjøpt. Har aldri tova med nål først so eg fekk ein rask instruksjon på Ørsta stoffsenter viste seg å være ganske enkelt egentlig.
søndag 9. mai 2010
Make-over
I min pure ungdom, fekk eg denne puffen av ein bekjent. Det er ein slik som ein kan både sitje på og oppbevare ting i.
Siste åra har sonen min hatt denne på rommet sitt. Ikkje særleg vakker, men funksjonell.
Men so teke ein litt stoff, ei stiftemaskin og ei saks og simsalabim so har puffen blitt god som ny:
Den vart vel fin? Eg har nyleg mala gutterommet. To veggar er lyse blå og eine veggen er knall-mørk blå. (Ja rommet har sjølvsagt 4 veggar, men den eine veggen er dekka av skap) So fargane på rommet ellers skal gå i mørkeblått. So då passa jo denne flott inn. Stoffet kjøpte eg for 10,- kr meteren eller noko sånt i Molde i fjor sommar. So då har eg litt att for å sei det sånn. Kanskje det blir nokre puter eller noko sånn.
Bilder av gutterommet kjem. Siste finish i kveld.
søndag 29. november 2009
Slik blei det
Slik blei det denne gongen. Man tager en springform, ja ei slik du bakar sukkerbrød i. Malar på tal, lim på band og kjøper ein magnet nisse, voila Du har ein adventskalender. Tilføy eit dådyr, 4 lys, dekorstein,"snø" +++ og vips so har du også ein litt annaleis adventstake. Eg syns det blei fint eg.
I tilegg til springforma, fekk eg også sandkakeformene til mor. Ikkje for å bake, men for å ha lys i. Eg må sei mef rett nøgde med resultatet.
Kva syns du?
Ha ein god 1. sundag i advent, no skal me på julegrantenning.
tirsdag 24. november 2009
Snart ADVENT
Eg må nå berre innrømme at eg likar tida før jul. Koseleg med levande lys og alt det andre som fyll med. Eg er en av dei som faktisk kjøper desse juleblada med idear kvart år. Eg les dei endå til på senga. Lagrar ideear og funderar på korleis eg kan utføre ideane og gjere dei til "mine". Altså gjere dei til noko eg har laga og ikkje ein kopi, skjønna? Det har eg gjort i år også, men eg vil ikkje sei heilt enda kva det er, eller kva det skal bli heiter det vel. For eg er ikkje ferdig, men her er nå nokre smakebitar:
Lys, 4 sjølvsagt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
