søndag 30. november 2008

Me pyntar til Advent
















Ja då har vi (les: Håkon) vore på mørkeloftet og henta ned julepynten vår. Mor (les:eg) har vore heile bygda og nabobygda rundt og leita etter den perfekte lilla dekorsanden. Som eg til stor fortviling ikkje fann. Såg ei "utstilling" på kremmerhuset på Moa som var so fin og har bestemt meg for lenge sidan at slik skal eg også ha det. Draumen gjekk i grus, so då vart det lilla lys i staden for kvite og lyselilla "småsteinar". Englar vart innkjøpt frå Fryd. Fatet er eit eg har arva etter besten sine foreldre og sjølv om det "fattigmannsølv" og bulkete elskar eg det. Det betyr mykje for meg at eg har noko frå huset der besten vaks opp, som har hengt i oldermorskjøkken. Ho ha sikkert aldri trudd det skulle bli brukt som advents-fat. Spesielt..
Eg var inn til mamma i går for å hente noko hekla julepynt som ho har kasert. Som eg då sjølvsagt dreg i hus her. Eg er kanskje sær, men eg syns det er fint med hekla snøkrystallar. Nokre av dei endra i pyntegreina mi saman med nokre englar. Prismene var der frå før. Men LYKKA blei når eg såg at Kjære mamma hadde min perfekte dekorsand! Hundeaugene vart satt på og eg fekk meg ein pose med sand. Så i morgon blir det handling av kvite lys. Sjølv om det var fint med lilla også da... Julestjerna mi har fått sin plass i stue vinduet. Vakker der ho står, er så fint lys av ho.
Som avslutning legge eg inn det finaste verset eg veit:
ADVENT av Inger Hagerup
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede. Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede. Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

onsdag 26. november 2008

Attende!!







For ei stund sidan sletta eg min gamle blogg, blei lei... Men no har eg laga ein ny!!! Den vil vel stortsett gå ut på det same som den forrige, nemleg ungane min, mannen min og mine hobbyar og min kamp om å klare å rekke over, tilbringe tid med dei alle.
Bileta eg har lagt inn idag er frå ein av dei første vinterdagane. Og for Ylva blei det eit kaldt møte. Har aldri vore i snøen før. Trur ikkje ho synest det var so svært. Apropo lisje jenta mi so er ho brått ikkje so lita lenger. Ho går og går- og eg blir like overaska og rørt kvar gong. Lille babyen min... Den mellomste kjøre sin egen stil. Ho bestemmer sjølv og har ikkje so reint få primadonna nykkar. Likar ikkje å bli fortalt kva ho skal og ikkje skal gjer. Ho er for lisje søster kjempe omsorgsfull og passar på ho. For storebror er ho framleis lita og let seg passe på av han. Han har byrja på skule med dei utfordringar det byr på. Men han trivest og han har byrja på handball. Kjempe flink, eg anar ein framtidig landslagspelar. ... Skatten min..
Ellers går dagane i arbeid, unga, kjøring og eg pøva å få trent litt innimylla. Prøvar å dyrke litt hobby også, neste prosjekt er julekjolar til jentene! Stoffet ligg å hyle på meg.. Skal snart byrje.
.