søndag 28. november 2010

7 slag??

Nei det blir det nok ikkje her i hus, men pepparkake det må me ha. 6 små flittige barnehender som kjevla og stakk ut kaker. Hakkebakkeskogen i bakgrunnen. Jammen godt med ein storebror som veit korleis det skal gjerast

Prøvesmaking, og dei vart godkjende.
Mannfolk i rekke og rad, lukkelig uvitande om sin skjebne.
Dette hadde vel gjort seg som årets julekort?


Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for GLEDE.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede


mandag 22. november 2010

Montasje

Har leika meg litt med bilde-montasje i dag. Vart litt artig, tenk kor kult det ha vore å printa dette på transferpapir og laga ei veske, eller ei lommebok..
Nydlege skattane mine!!

søndag 21. november 2010

Hæærlig rosa!!

Ny hue til Ylva i hæærlig rosa tynn alpakka. Ho valde farge sjølv og eg vart egentlig overaska over valget. Ho brukar ikkje å ville ha rosa. Men men det blei som ho ville, det blir oftast slik. Pynta den litt opp med lilla hekla rundingar. Vart so stillig og den har veldig god passform. Dekker godt små øyrer i denne kulda. No håper eg du ikkje har blitt stiv i nakken av å snu hovudet for å sjå bilete, men eg har snudd det altså før eg la det inn. Veit ikkje kva som gjekk galt!

Er du klar for ei ny veke??? Om ei veke er det 1. sundag i advent. Eg gledar meg!!

mandag 15. november 2010

Egenkompinerte

Jepp, egenkompinerte leggis/knelestar til Vilde. Eg kjøpte støvlettar til ho i Alta, då måtte ho ha leggisar også. Men det enda med fot på leggisane sida skoa var litt store og slett ikkje fora. Eg har laga mønster sjølv. Måtte berre tjuvlese litt i ei oppskrift for hælen. Eg er kjempe fornøygd med resultatet, for eg kan rett og slett ikkje fordra å srikke lestar sånn ellers. Men no har eg lært meg både å strikke med perler og korleis lage ein fin hæl.

Her er husmonsteret i anledning Helloween! Kjempe tiltak av foreldra på skulen, dei laga helloween fest "mot" at ungane ikkje går på dørene for knask eller knep. Og festen var kjekk for både kidza og foreldra.
Det nærmar seg jul og eg prøvar å produsere litt julegaver inni mellom alt anna. Men er godt i gang foreløbig. Det blir ikkje mykje tid til blogging for tida. Den travle kvardagen ein egentlig ikkje vil være foruten,
Ha ei innhaldsrik veke!