lørdag 28. februar 2009

Polkadots og andre dippeduttar..

Yes! Endeleg kom pakken min frå stoff og stil! Eg elska lilla så når SS reklamerar med voksdukar med polkadottar, jau då må eg sjølvsagt ha det. Var ikkje so gale pris heller 24,95 kr. Dei kjem i gult, LILLA, rosa, raud, grøn, blå, turkis og svart. Så til mine uvanlig kjedlege gardiner, heilt kvite lengder, så vart dette eit sprekt fargespel. har sjølvsagt kjøpt lilla kulelys som eg skal ha til pynt, men må finne ei passande skål å ha det i..
Dette er eit anna stoff eg berre måtte ha. Det kalles "Bomber" og er 1/2 panama for 69,95. Dette skal eg bruke til å sy ei veske tenkte eg. Men no når eg fekk stoffet og fekk kjenne på det, anar eg fleire bruksmoglegheiter. Mulig at det blir slike avlange puter til sofaen. Elska puter....


Hipp hurra for Nille, der fann eg desse kjempe søte muffinsformene. To litt barnslige og to litt voksne. Og i motsetning til dei eg har kjøpt på Stil og stemning er desse mykje billigare (minnast ikkje pris) og fleire i kvar pakke. Gjennstår berre å prøve dei.. so det blir nok litt muffinsbaking her i helga

God helg til alle som tittar innom!!



torsdag 26. februar 2009

Hjerter i mitt hus!

No har eg ferie, i heile to dagar. Har etter denne dag ein att+ helg da. Gledar meg til å vere saman med ungane mine. I dag har John og eg kosa oss saman. Ete frukost på kafe blant anna. Ein skikkelig mor og son dag. Eg er nesten like god til å byggje lego som han. Så no har han Star Wars "fly" i lego samlinga. I morgon skal eg ha jentene heime frå barnehagen var eg tenkt, men forma er desverre ikkje heilt topp. Eg hostar, vondt i hals og hovud. Føler meg slett ikkje bra. Fann senga i går kl 21.00. Eg hadde også håpt på bedre veir i ferien. Før i dag var det lovnde. Sola skein og det var nydeleg ute. No sluddar og regnar det. Rett og slett surt ute. Håper det tek seg oppatt til i morgon.
Desse hjerta fann eg rundt om kring i huset mitt, vaffelhjerta finst ikkje meir da, det kvite hjertet heng i kjøkken viduet mitt saman med to kvite og to grå til. Det raude kom eg brått på at eg eigde. Det har hengt i det skjulte, men no trur eg det skal få plass på bad døra mi.
Til kvelden skal ein ide ut i live. Fram med symaskina og tolmodigheita, eine enklare å finne enn det andre.
Ha ein god torsdagkveld!

søndag 22. februar 2009

Fellesbursdagselskap for to 3-åringar

Endeleg fekk dei to bestevennane feire bursdagane sine. Egentlig skulle det feirast forrige helg, men sida me har vore sjuke alle som ein utsatte me det til denne helga. Og det vart ein suksess, det trur eg at me trygt kan sei. Mykje folk og masse mat, ein haug med unga som er høge på sukker! Kan det bli betre? Ylva har lånt den nye tiaraen som Vilde fekk i gåve. Bursdagsborna fekk mykje fint, mykje pyntegreier med armeband og øyredobbar osv osv. Heilt i rett rekke for desse to dukkene hvertfall.
Andrea stilte som det seg hør og bør i prinsesse kjole.
Å her er då mi prinsesse med ny tiara og øyredobbar.Nevnte eg at tiaraen blinkar? For den gjer nemleg det, i hjertet der. Alle prinsesser treng jo ein tiara som blinkar!!

Så var helga over og eg kjenner med gru på ein dunkande haudeverk og ein sårhals. Håper det er hurtig forbigåande. No håpar eg på ei lang frisk periode for både ungane og meg. Skulen har vinterferie so eg skal ha to dagar fri denne veka. Gledar meg til å kose meg saman med John. Me skal nok finne på noko kjekt. Ha litt son og mor-tid. Ser virkeleg fram til det.
Håper det sluttar å regne og at me får ei solfylt vinterferie-veke!



torsdag 19. februar 2009

Elefant og katt i prikkar

Så fekk eg tilfredstillt sytrangen min litt for denne gong. Det vart en kjole og eit forkle. Kjole til Ylva og forkle til Vilde. Må sei meg rett fornøgde. Stoffet er frå stoff og stil, gå inn på linken nede på sida mi her å sjekk ut. Eg fekk nettopp ny katalog og eg berre sei det: her kan du gjere store kupp. Mykje fint stoff til ein billig penge. Dette stoffet kjøpte eg for lenge sidan. å dei har frå før kvar sin kjole i det blomstretestoffet med det prikka stoffet til armar.
Syns kjolane var stilig, litt annaleis, men eg ser at elefanten skulle vore applikert med kvit tråd, då hadde den vist bedre.
Så på Vilde sin pus blei det kvit tråd. Ein lærer jamnt mens ein prøvar. Det er eit sånt "Pippi-forkle" eller omslagsforkle. Eg ser føre meg at ho skal bruke det over ein pologenser og tights/jeans eller liknande. Sånn til daglegdags.

Eg syns det er kjekt å sy og strikke til borna mine. Mykje fordi at hersom me bur er her minimalt med butikkar og eg føler at "alle" går rundt i same kleda. Mest fordi det er hobbyen min, terapi for meg er å sitje med strikkepinnar eller symaskina mi. Eg tek meg ofte i å gå å tenkje på kva eg skal gjere neste gong eg skal sy. Det blir mest kle til jentene, mens til John syr eg posar til pokemon kort, slike små figurar osv. Ha ein god dag!!!



søndag 15. februar 2009

Ferdig!!!

Då er kofta til lisje dropset mitt ferdig! Det tok visst litt tid, men fekk gjort litt no når ungane har vore sjuke. Går fort når ein først kjem i gang. Vart egentlig ganske fornøgde og jaggu ser det ut til at eigaren også syns det var stas med ny jakke. Det er når ein ser resultatet att alt arbeidet lønner seg syns eg. Fins ikkje noko finare enn strikka kle på ungar. Eg svergar til ULL, det er ein sikker vinnar. Fins ikkje beire varme..
Neste prosjekt er ein "hals" i alpakka. Ganske stillig syns eg då... Men eg kjenner at det kriblar litt i fingrane etter å sy da.. Så det spørst om det blir litt av det først. Ha tenkt å lage ei "til og fra barnehage-veske" Ei store med plass til to dressar osv som ej kan bære over skuldrra. I teorien veldig enkelt å greitt og so spørs det kor det fungera i praksis ;)
No byrjar kvardagen att og eg gledar meg sånn til å gå på jobb i morga!! Blir godt å møte mine flotte kollegaer igjen.
Ha ei flott kvardagsveke!!!

lørdag 14. februar 2009

Vilde 3 år!!

Mi nydlege lisje jente har blitt 3 år. Så fantastisk fort 3 år går.. Veerkar som det var i går me gjekk å venta so spent på at ho skulle kome. Her på det første bilete er ho heilt fersk og pappa badar henne. Held ho tryggt i sterke hender. Hipp hurra for Vilde som fyller 1 år. Syns ho var så stor, rart å sjå bilete no. Ein ser liksom kor små dei er.. Lisje tulla mi.

So blei ho to år, nybakt storesøster og barnehagejente. Ei skikkelig god og nydeleg jente.

Å her er det frå dagen i dag. 3 store år! Det skal seiast ho tek det særs alvorleg. Ny sykkel fekk ho i gåve med Håkon og meg. Ho vart so glad "å ny sykkel, store sykkel. Sjå då mamma sjå då!" Ho kunne nesten ikkje gå av for å ete frokost ein gong. John hadde kjøpt ho puslespel som ho straks tok til å pusle på etter frukost. Trur ho ha ein suksessfull dag. I morgon blir det litt ekstra feiring med besteforeldre og oldemor. Neste helg blir det stor selskap saman med Andrea. Då satsar vi på at alle er friske!



Kan eg friste med nokre cookies eller småkaker som me kalla då me var små??? Kjempe gode altså!!!

200 gr mjukt smør
200 gr sukker
1/2 ts vanilje essens
1 stort egg
225 gr hvetemel
Ei klype salt
1/2 ts natron ( eg hadde ikkje natron so eg brukte 1 ts bakepulver. Det gjekk fint)
115 gr sjokolade pletter av melkesjokolade
115 gr sjokolade pletter av mørk sjokolade ( eg hadde berre kokesjokolade idag so då brukte eg ca 150 gr kokesjokolade. Man tager hvad man haver)
Ha smør, sukker og vaniljeessens i en bolle og rør det saman. Pisk inn egget litt etter litt til blandingen er lett og luftig
Sikt mjøl, salt og natron i blandinga, rør det forsiktig saman. Rør inn sjokoladen. Sett med dessertskei på steikeplatene- godt fra kvarandre for dei flyt ut.
Stek kjeksa på 180 grader i ca 10-12 minutt. Avkjøl på stekeplatene i 2 min so avkjøl heilt på rist, enjoy!!!




Utfordring !

Eg fekk ei utfordring av Anna Lisa http://http://annalisasblogg.blogspot.com/. Den går ut på å fortellje om sine favoritta på kjøkkenet. Her er nokre av mine:
Denne krukka fann eg utanfor huset mitt då eg flytta inn. Kjempe fin syns eg. Vaska den og no rommar den kjøkkenredskapane mine. Detter er Peppar og salt kvernene mine av merket Rosendahl. Me fekk dei i bryllupspresang. Likar godt dei reine linjene og den flotte utforminga på dei. Stilreine.
Denne fløytemuggen er har eg fått av mormor. Syns den er så flott med gullkant rundt tuten og dei vakre detaljane. Er vel ikkje i bruk so mykje men er meir til pynt.Desse kjøkkenkrukkene har eg arva frå oldemor mi. Eg er uendeleg glad i dei, syns dei er så flotte. Manglar nokre lokk da så dei må eg prøve å få ta i. Visst nokon har et tips om kvar eg kan leite. Gje meg eit vink! Desse glassbollane brukar eg nesten kvardag. Til baking, til grønsaker, til potetgull, til gryterett osv.

Helten min! Kaffitraktaren min. Kva skulle eg gjort utan?? Denne har fått litt hard medfart da, so drøymer om ein ny mokkamaster...

Her er brødboksa mi, unødig å sei kanskje? Denne har eg kjøpt på kremmerhuset. Litt annaleis og veldig stilig

Å sist men ikkje minst kjøkkenvekta mi, også kjøpt på Kremmerhuset.


Jah dette var litt av skapfyllet mitt, eg sender vidare utfordringa til Camilla og Englemor.







fredag 13. februar 2009

KARNEVAL

Denne veka har vore ganske grusom egentlig. Som eg har skrevet før har Ylva vore sjuk og etter gjentatte besøk og telefonar til legevakta vart vi sendt på Åse sjukehus pga dehydrering. Heldigvis byrja ho å drikke, å me fekk reise heim same kveld. No er ho bra igjen og ber intet preg av å ha vore sjuk og slapp i ei veke. Hadde me voksne klart det? Eg kjenner eg er sliten hvertfall. Skulle egentlig på arbeid i dag, men stakkars lisje guten min byrja å kaste opp i går kveld, så då blei det en dag til heime. Han er bra i dag og vi har kosa oss å baka pizza horn.
I mens har jentene vore i barnehage. Der var det karneval i dag. Vilde hadde i går annonsert i barnehagen at ho skulle vere kråke. Slik blei det ikkje da i og med at kostyma var innkjøpt for lenge sidan. Å når dagen kom idag var ho heilt vill over å få vere ballerina, kråka hørte eg ingenting om. Trur ho var nøgd. Her stiller dei "lydige" opp for fotografering. Dette måtte dokumenterast. Måtte ta bilde med mobilen også, slik pappa kunne få sjå- streng beskjed fra vår lille primadonna.

Her er Vilde fortvila over lisje syster som verken hører etter eller vil halde handa hennar mens mor tek bilder.
Ylva er på si side meir opptatt av broren som spelar bilspel, og har slett ikkje tankt å halde hand eller bli tatt bilete av.
I morgon er den store dagen, Vilde fyller 3 ÅR. Og no som eg fungerar både som mor og far har eg vore i garasjen å leita etter verktøy for å skru saman den store presangen. Åh eg gledar meg til å sjå andlete hennar når ho ser kva det er. Tenk at det no er det 3 år sidan ho melde sin ankomst. Huskar det som det var i går. Ho var berre det mest nydlege eg nokon gong ha sett. Huskar kor stolt Håkon var av ho. Alt det svarte håret som fekk rosa sløyfe. Å når John kom på besøk var han plutselig so stor blitt over natta. Lisje homlå våra. Født på valentines day <3
God helg til alle som er innom bloggen min!



lørdag 7. februar 2009

Laurdag

Vilde sin store dag nærmar seg med stormsteg! Ho fyller nemleg heile 3 år neste laurdag, på Valentinedagen. "Ja det måtte nå berre bli sånn det, kjæleiksbarnet dokka" som ei venninde av meg pleie å sei. Hehe det er nok noko sant i det da. I den anledning skal eg setje bilete inn i lokal avisa og av erfaring so vil eg vere tidleg ute so vi får plass. Eg gjekk gjennom bileta mine og fann egentlig ingen nye bilder av ho så då måtte me ta nokre nye. Vilde smiler å sei Hoopsy Daisy og er den fødde fotomodell, mens mora knipsar hysterisk mens jenta er med. Det vart eit knippe flotte bilete! Les Møre neste laurdag så får dokke sjå kva slags bilete det vart.



Ylva, Ylva lisje dropset mitt. Ja ho er so dokke kan sjå ikkje i form. Over 39 i feber og slapp. Mor mi tok med seg ei "blande" frå sjukehuset som ho fekk av ein lege der. Glukose og div salter. Men jenta forstod at det var noko muffins med det greiene der so ho nekta å drikke. Sjølv om det var både søtt og godt på smak. Ho fekk sprøyte forrige onsdag, mmr-vaksine, og den kan ein få bivirkningar av 5-10 dagar etter på. Bivirkningar som feber. Eg er derfor usikker om ho har feber pga sprøyta eller fordi ho har/ har hatt omgangssjuke. Blir lege i morgon om ho ikkje er feber fri då. Kryssar fingrar og tær





Bilete, eit utrulig dårlig et (til tross for mitt canon camera...) tatt frå verandaen min. Ville dele den fantastiske solnedgangen som er her ute. Vakkert vakkert.
Med det ynskjer eg dokke god helg, og god morsdag til dei som har det!




torsdag 5. februar 2009

Då er eg grassenke igjen. Vanvittig kor fort ein månad går. Syns han nettopp kom heim.. Han reiste igår og etter det har det egentlig berre vore ekkelt. Eg måtte fare heim frå jobb, var så elendig med feber og influensa. Eg verkte i alle ledd, spesielt i armane. Kjempe vondt rett og slett. Natt til i dag har eg hatt feber heile natta. Stod opp å fekk kle på ungane og leverte dei i barnehagen, akkurat lata att augene, kjendes hvertfall slik ut, og der ringer mobilen. Lisje dropset har diare og må hentast. Tek med meg begge jentene, orkar ikkje å ta turen to gongar.. Mamma ringer å sei at Vilde overnatte der. Så ho reiser dit. Men når klokka ringer 20.00 ringer også mor å sei at Vilde kastar opp.. So no har vi nærmast eit sjukehus her. Eg vaskar meg febrilsk med sprit, denne spya vil eg berre ikkje ha.. Håper det hjelp, skjønt eg har høyrt rykter om at sprit tek ikkje denne syka som går no. Må sterkare greier til...
Så no har min kjære knapt vore vekke 24 timar men eg saknar han mykje. Eg føler meg litt hjelpeslaus utan han. Spesielt når ungane er sjuke. Han er flinkare til nattevåk enn meg. Han er rolegare. Eg har ein tendens til å overbekymre meg. Glede meg til han kjem att. Det er det som er positivt med at han er borte, trur det er sunt å sakne kvarandre litt. Kjenne litt på at ein treng kvarandre og lengte etter kvarandre. Glede seg over kvarandre.. Tattoed on my mind...

søndag 1. februar 2009

"Stuefornying!"

Den siste veka har vore prega av eit fantastisk veir. Det har vore nærmast ein draum å vere på jobb i dette vårlege veiret. Og no i helga toppa det seg igrunnen heilt, ja det var enda til varmt i veiret. Kjempe herleg og eg kjenner vår kjensla kjem snikande. Føler for fornying, denne gang var det stua som fekk litt "make-over".
Her er "før-bilerte": Fatet du ser her kjenner du kanskje att, det er same fatet som vart brukt til adventlysa min. Eg har arva det frå mi oldemor. Bilete i ramma er det som følgde med når eg kjøpte den på "Kremmerhuset" for ei tid tilbake. Dei små blå dekor steinane og lyse stakane vart handla på Skeidar.
"Fryd" hadde fått inn nye vare og eg hadde eit gavekort der, no fekk eg endeleg brukt det. Eg kjøpte desse flotte putene og dei blå løperane. Syns dei var skikkelig fine, sjølv om det var litt uvant med det første. Har den siste tida brukt mykje lilla, så det har vore litt mørkt hjå meg.


Men dette syns eg vart lyst og lett. Kjennes godt med litt forandring. Løparen på bordet får etter dagens erfaring berre være på når Ylva har lagt seg for kvelden. Den var akkurat så lang at ho dreg den med seg når ho går ei av sine million runder rundt bordet (som forøvrig skal skiftast ut då det ikkje passar med noko.....)


Å her eit bilete av min lille hjelpar. Den runde flittige handa hjelper mor å vaske og rydde. Vi har kosa oss saman, ser ho nyt å ha mamma aleine litt. Lisje dropset mitt ho...



No er helga over, måtte kommande veke vere like flott som den som var.