Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

fredag 28. mai 2010

Pastasalat

Lenge mellom innlegga her hjå meg. Rett og slett litt mangel på inspirasjon av det meste.
Men dette bildet er priceless! Er ikkje ho moro?? Her i hus er det ikkje berre menneska som feirar dag, nei her slår me på stortromma når katten fyller år også. Og som dokke kan sjå her ha med stor svært besøk også. Prinsesse Tuva som nyleg vart 1 år var her for å feire vår eitt åring.
Men det eg egentlig eg skulle skrive om er dette:
I dag laga eg en kjempe god pasta"salat". Eg er jo som "kjent" ein super god lage-mat-av-det-en-har-liggande person. Eg må rett og slett berre dele oppskrifta med dokke her.
Eg kokte ca en halv pose pastaskruar i hønsebuljong. So lot eg den avkjøle seg litt mens eg skar opp tomat, skinke, purre, valnøtter, fetaost. So hadde eg to skjeier grøn pesto (type: eldorado) i ei skål, helde oppi pastaen og rørte godt. Tilsette resten og blanda godt. Severte med kvitløkbagettar.
Eg kan levande forestille meg at denne hadde vore nydelig god med eit glass rødvin til. Eg får prøve det ved ei anna anledning.

torsdag 8. oktober 2009

Haustferiefrukost!

John og mora har ete deillig frukost idag. Denne "retten" egnar seg kanskje best som ein lunsj. Kanskje ikkje slankemat, men nydeleg godt når en er lei brødskiver med svett brunost. Eg brukar å ha med en slik på jobb når det blir lange dagar.
Ein tek ei fullkorns tortillalfse, har på nokre skiver norvegia (eller den kvitosten en likar best), litt salsa og kokt skinke (sånn vanleg pålegg skinke). Shmack eller smekk den i microen til osten har smelta. Pøs på med salat, tomat, agurk, rømme, fetaost,oliven,kva du ein måtte ønske. Stangselleri er undevudert og kjempe godt i... Rull saman og nyt!! Om du vil ha den med på jobb, pakk den i alminiumsfolie. Og når du skal ete den på jobb er den kanskje framleis lunka eller du tek den ut av folien og varmar den litt i microen du forhåpentleg har tilgjengelig på jobb :) Enjoy!!