Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

onsdag 19. januar 2011

Haustvest

Eg er blitt "aktiv" i Strikkeverden. Det er eitt kjekt forum der ein møter andre som spøter. Ein får mange råd og tips, og lenkjer til nettsider. Der fann eg Pickles
og denne flotte vesten. So no er tråden bestilt. Eg bestilte ikkje desse fargane, mine går i lilla tonar. Fargenamn som Lavendel og sukkerspinn er nå innbydande i seg sjølv. Eg gler meg til tråden kjem. Men trur den kjem i hesper so då treng eg eit hespetre eller to tolmodige armar, anyone???

lørdag 15. januar 2011

Ut i skogen

Eg er med i ein strikke-along på strikkeverden. Temaet var ut i skogen. Kva passar då betre enn nokre søte harepusar??
Hua får seg ein eigar i Molde trur eg. Den vart litt for lita til min små englar, so eg donerar den til Tuva mi.


søndag 9. januar 2011

søndag 21. november 2010

Hæærlig rosa!!

Ny hue til Ylva i hæærlig rosa tynn alpakka. Ho valde farge sjølv og eg vart egentlig overaska over valget. Ho brukar ikkje å ville ha rosa. Men men det blei som ho ville, det blir oftast slik. Pynta den litt opp med lilla hekla rundingar. Vart so stillig og den har veldig god passform. Dekker godt små øyrer i denne kulda. No håper eg du ikkje har blitt stiv i nakken av å snu hovudet for å sjå bilete, men eg har snudd det altså før eg la det inn. Veit ikkje kva som gjekk galt!

Er du klar for ei ny veke??? Om ei veke er det 1. sundag i advent. Eg gledar meg!!

lørdag 27. februar 2010

Små barnetankar..

Denne tegninga teikna guten min til meg for ei stund sida.. I sommar trur eg. Det er eit bilete av han og meg... Flottaste teikninga eg har fått. Har heidersplass på kjøkkenet. Burde få den ramma inn.. Endeleg ferdig. Med handlaga knappar. Ikkje av mi hand altså. Men jakka er av mi hand.
Skulle gjerne tatt eit action pic med den heldige eigar i den, men ho vil ikkje rett og slett. Må le av ho av og til kor sta ho er. Søta mi. Det er altså minste mor som skal ha den da. Eg er fornøygd sjølv, litt er der jo og pirke på da. Eg er min største kritikar.
Kjøpte tråd til å strikke ein kjole til Vilde også. So får me sjå kva det enda oppi. Ho ville nemleg gjerne ha lisjesysta si jakke.
Eg er so heldig som har tre slike flotte, friske og nydlege born,
Det største i verda


onsdag 17. februar 2010

Calometri

Laurdag var eg, som eg ofte er, innom Ørsta stoffsenter. Det vart ikkje stoff denne gong, men eg såg nokre nydlege panneband. Dei var strikka i eitt tynt garn. Veit ikkje kva slags tråd det var. kan minne litt om babyull. Og dei hadde nokre søte merker på seg. oppskrift var ikkje tilgjengelig so då var det berre å Google. Og her fann eg oppskrift: http://blogg.hobbyboden.com/lindan/index.php/2007/03/27/p17973. Min nydlege modell er godt fornøgd hvertfall. Fargen på tråden er ceriserosa, litt sånn melert, og stemmer ikkje heilt med den fargen som det viser her... Eg strikka på pinne 3 i vanleg tynn alpakka. Enkel tråd. Det vart litt knapt, men eg har ei kjensle av at dette var det første av fleire.Vilde fekk seg ny Skogstad-jakke med mormor (mamma mi) til bursdagen. Og dette bandet passar heilt perfekt fargemessig til.Dekker godt over øyrene. Perfekt til litt varmare tider, snart VÅR
Knapp bak, men den er meir til pynt enn til noko funksjonelt egentlig. Litt søtt da.
Slik ser det ut når det er utbretta.
Det er såre enkelt å lage. Sjølv for dei som ikkje strikkar so mykje. Enkelt og fort gjort. Nesten synd det ikkje er jul snart for då hadde dette blitt julegåver.


mandag 9. mars 2009

Vilde har fått ny hue

Vilde har lenge bedt om ei ny hue. Og slik vart den. Den går i brun og rosa. Det er første gang eg brukar denne oppskrifta. Den var litt artig med den rullinga som er på. Først strikkar ein 12 omgangar med brunt. Legg det til side, så legg ein opp maskar med rosa og strikkar 6 omgangar før ein legg den rosa kanten utapå den brune og strikkar dei saman. Så i teorien så kan ein vel ha so mange kantar ein vil. Kanskje det ha vore fint med tre kantar feks. Dusk måtte ho ha også, so eg laga ein stor god ein. Då vart det visst ei nissehue meinte den stolte eigar på.
Her på det siste bilete viser kantane litt bedre. Vilde kler godt brunt, ho har sjølv dei vakraste brune augene, heilt objektivt sagt ;) Og brunt og rosa er jo veldig fint saman også da.

I dag kom guttungen heim, det er alltid godt. Heimen min er komplett då. No er det tid for legging og godnatt-historie lesing.
Ha ein vakker kveld!


søndag 15. februar 2009

Ferdig!!!

Då er kofta til lisje dropset mitt ferdig! Det tok visst litt tid, men fekk gjort litt no når ungane har vore sjuke. Går fort når ein først kjem i gang. Vart egentlig ganske fornøgde og jaggu ser det ut til at eigaren også syns det var stas med ny jakke. Det er når ein ser resultatet att alt arbeidet lønner seg syns eg. Fins ikkje noko finare enn strikka kle på ungar. Eg svergar til ULL, det er ein sikker vinnar. Fins ikkje beire varme..
Neste prosjekt er ein "hals" i alpakka. Ganske stillig syns eg då... Men eg kjenner at det kriblar litt i fingrane etter å sy da.. Så det spørst om det blir litt av det først. Ha tenkt å lage ei "til og fra barnehage-veske" Ei store med plass til to dressar osv som ej kan bære over skuldrra. I teorien veldig enkelt å greitt og so spørs det kor det fungera i praksis ;)
No byrjar kvardagen att og eg gledar meg sånn til å gå på jobb i morga!! Blir godt å møte mine flotte kollegaer igjen.
Ha ei flott kvardagsveke!!!