Viser innlegg med etiketten "Produksjon" Redesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten "Produksjon" Redesign. Vis alle innlegg

søndag 12. desember 2010

Hjertlige vottar

Er visst ivrig på innlegg i dag, og dagen har vore produktiv.
Eg har spart på ein krympa lamull genser. Syns fargen er fin og den var omtrent ikkje brukt før den havna på 60 grader saman med handukane. So eg har som sagt spart den med tanke om å lage eitt kvart nytt av den.
So kom eg over oppskrifta i eitt juleblad. Eg trur dette er såkalla Tilda vottar. Genseren vart leita fram, delt i to, lagt på mønster, klippe feil og måtte klippe same delen tre gongar før eg klarte å tenkje speilvendt. So broderte eg hjerte på, som vart både skeivt og skakt. Men det er vel litt av sjarmen, det er hvertfall mi unskylding. Vips so var dei ferdige, det var eigentleg fort gjort. Og bonusen er at dei vart kjempe fine og Ylva vart veldig fornøyd. Miljøvennleg også.
Desse blir det fleire av. Trur eg må kjøpe noko ullfilt (eller kanskje krympe ein genser eller to)

torsdag 23. september 2010

Litt ny "produksjon"

Tenkte berre å vise noko av det eg har laga siste tida. Bileta kom desverre i feil rekkefølge, eg lærer meg visst aldri det der.
I August kom vakre Sofia til verda og eg vart tante for 8 gang. Ho er nydeleg! Og mora ønskte seg en Mei Tai til å bære ho i. Bilete av den er lenger nede. Av reststoffet sydde eg denne hua til ho. Denne modellen har eg brukt mykje før og den sitt veldig godt på hovudet. Retro. Eg hadde slike "hjelmar" då eg var lita. Klart vakre Sofia må ha ein slik. (Her er "Andreas" modell, 28 år gammal)
Har visst gløymt å snu bileta. Her er eine "panelet",som det visst nok heite, av Mei taien.


Her er det andre "panelet". Fargane lyg litt her, stoffet er en deillig mild turkis med brunt mønster.
Her er den på. Vil berre seie om nokon reagerar, eg veit ikkje korleis ein knyter desse Mei Tai-greiene på.
I Trondheim blei prins Sverre født for nokre dagar sidan. Hans far er ein av mine beste venar. Me har kjent kvarandre alltid. So klart at eg då måtte strikke ei gave då han skulle bli pappa.

Nydlege detaljar på den syns eg.
Å her kjem første kreasjon etter nye boka mi, SikkSakk. Sydd av oldefar sine skjorter.
Min besten var i sine betre dagar ein ganske stor mann kan en vel seie so det vart litt mykje stoff å skulle sy og få fint. Spesielt rynketrådane, der ein brukar heile vidda. Men eg seier meg fornøyd, og sitt at med ein kjole eg er glad i og alt har minne frå.
Stoffet til hua og Mei Taien (panelet) er kjøpt på Stoffsenteret i Ørsta. Selane er noko eg hadde liggande. Mønsteret fant eg litt her og der, rundt om kring på nett.
Kan også nevne at Sverre si jakke er strikka i Duell som er en tråd som er 50 % ull, 50 % bomull. Veldig mjuk og deillig.
Kjem på i skrivande øyeblikk at eg også har strikka to kjolar i alpakka. Men det får eg skrive om ein annan gong.
Hausten har forresten komt, eg forsett på halsskjerfet mitt.
Ha ein fin kveld!









tirsdag 7. september 2010

Ny bok

Å lykka var stor då eg fann denne boka!! Eg såg den først i Ulsteinvik, men den vart ikkje kjøpt då. Har leita etter den litt sånn sporadisk sidan, før eg ein dag fekk bestilt den på Notabene. So i dag ringde dei, hurra boka var komt. So langt har eg berre kika litt, men eg gledar meg til å prøve dei forskjellige oppskritene. Mange fine kjolemønster. Føler dette vil gå hardt utover besten sine skjorter. elskar slike bøker, fulle av inspirasjon. Gledar meg!



søndag 6. juni 2010

ACTIONPIC

Jepp, jenta var fornøgde ho. Å det kunne ikkje passa betre med ny sommarkjole enn idag, når sola var her då vi stod opp. Eit par dansetrinn for å sjå om kjolen har rett sving!!
Endå til merkelappen er match!

Denne herlege sundagen har vi ellers nytta til å bake bollar, vore på Sæbø-dagane og på fotball-cup. Bollane var gode, på Sæbø vart det vaffler og brus. Ein kik på KatY sine kjolar vart det også. No skulle eg hatt ein link her til hennar nydlege kreasjonar men det har eg altså ikkje. Skal leite å sjå om eg finn den att. Ho er berre so flink.
Å sist men ikkje minst var eg å såg på min aller beste i verden John. HEIA HILMIL!! For ein innsats. Spelte tre kampar, både ute og i mål. Flinke guten min. So stolte av han. Tenk han fyller 8 år på torsdag..
So avsluttning på ein koseleg dag kjøpte vi oss "junk" som vi kosa oss med hos mor.
Eg elskar sundagar!!!!!!!!!!!

lørdag 5. juni 2010

Det var ein gong

Det var ein gong ein kjole eg kjøpte på cubus. Har brukt den ein gong. Den har hengt i skapet i to år.. Det er for gale egentlig, men kjolen passar meg ikkje lenger. Verken her eller der. Leid antageleg av ei alvorleg ammetåke då eg kjøpte den.. Anyway, slik såg den ut. Med stropper og ei "rysje" nederst. So klipper vi litt her og syr litt der. Kavar og kjenner det er lenge sidan siste eg har sydd. Men til slutt har det blitt ein ny sommar kjole . En heil del størrelsar mindre. Men rett fin vart den.
Eg klipte av "rysjen" nede og sydden den på at på den mindre versjonen. Syns det gjorde prikken over "i-en".

Dette bandet braut litt med resten so den ser litt meir spenstig ut. Viser litt dårleg her ser eg. Men der er turkis med nokre kvite krussedullar på.

Alt i alt sei eg meg fornøgd! Det er ikkje værst berre det, ha ei god helg!