søndag 28. november 2010
7 slag??
Nei det blir det nok ikkje her i hus, men pepparkake det må me ha. 6 små flittige barnehender som kjevla og stakk ut kaker. Hakkebakkeskogen i bakgrunnen.
Jammen godt med ein storebror som veit korleis det skal gjerast
mandag 22. november 2010
Montasje
søndag 21. november 2010
Hæærlig rosa!!
Ny hue til Ylva i hæærlig rosa tynn alpakka. Ho valde farge sjølv og eg vart egentlig overaska over valget. Ho brukar ikkje å ville ha rosa. Men men det blei som ho ville, det blir oftast slik. Pynta den litt opp med lilla hekla rundingar.
Vart so stillig og den har veldig god passform. Dekker godt små øyrer i denne kulda. No håper eg du ikkje har blitt stiv i nakken av å snu hovudet for å sjå bilete, men eg har snudd det altså før eg la det inn. Veit ikkje kva som gjekk galt!
Er du klar for ei ny veke??? Om ei veke er det 1. sundag i advent. Eg gledar meg!!
Vart so stillig og den har veldig god passform. Dekker godt små øyrer i denne kulda. No håper eg du ikkje har blitt stiv i nakken av å snu hovudet for å sjå bilete, men eg har snudd det altså før eg la det inn. Veit ikkje kva som gjekk galt!Er du klar for ei ny veke??? Om ei veke er det 1. sundag i advent. Eg gledar meg!!
mandag 15. november 2010
Egenkompinerte
Jepp, egenkompinerte leggis/knelestar til Vilde. Eg kjøpte støvlettar til ho i Alta, då måtte ho ha leggisar også. Men det enda med fot på leggisane sida skoa var litt store og slett ikkje fora. Eg har laga mønster sjølv. Måtte berre tjuvlese litt i ei oppskrift for hælen. Eg er kjempe fornøygd med resultatet, for eg kan rett og slett ikkje fordra å srikke lestar sånn ellers. Men no har eg lært meg både å strikke med perler og korleis lage ein fin hæl.
Her er husmonsteret i anledning Helloween! Kjempe tiltak av foreldra på skulen, dei laga helloween fest "mot" at ungane ikkje går på dørene for knask eller knep. Og festen var kjekk for både kidza og foreldra.
Her er husmonsteret i anledning Helloween! Kjempe tiltak av foreldra på skulen, dei laga helloween fest "mot" at ungane ikkje går på dørene for knask eller knep. Og festen var kjekk for både kidza og foreldra.Det nærmar seg jul og eg prøvar å produsere litt julegaver inni mellom alt anna. Men er godt i gang foreløbig. Det blir ikkje mykje tid til blogging for tida. Den travle kvardagen ein egentlig ikkje vil være foruten,
Ha ei innhaldsrik veke!
tirsdag 26. oktober 2010
Snart jul???
I so tilfeller er dette noko som er på mi ynskje liste, ja altså bortsett frå fred på jord og snille born.
Rosendahl serien som eg samlar på.. Manglar framleis mykje der. Nydlege reine og vakre linjer. Berre sjå denne godis-skål. Bra for både auge og gane.
Overlock maskin.. Denne ligg høgt på mi liste. Kanskje endå til øverst. Tenk alt eg kunne sydd med denne maskina.
Rosendahl serien som eg samlar på.. Manglar framleis mykje der. Nydlege reine og vakre linjer. Berre sjå denne godis-skål. Bra for både auge og gane.
Overlock maskin.. Denne ligg høgt på mi liste. Kanskje endå til øverst. Tenk alt eg kunne sydd med denne maskina.torsdag 7. oktober 2010
Tre koraler
Den som du elsker, skal engang du miste,
trygg er han ikke engang i din favn.
Engang du ser han, skal vere den siste.
Og du skal rope forgjeves hans navn.
Kom da i hu:
Du, også du
Nærmer deg natten og kan ikke snu
Veien du går, må du følge til ende
Fører den og gjennom skyggenes dal.
Ingen kan stanse, og ingen kan vende,
ingen kan skånes for gråt eller kval.
Gråt eller le!
Vellyst og ve
Levner du bak deg som roser og sne!
Hva kan man kalle den søvn, som han sover?
Sjerneløs hmmel og blikkstille hav!
Uro som naget han, nu er den over.
La ham da fare i fred til sin grav!
Spør ikke mer,
Hvorfor det skjer!
Løvet, det faller, og sneen, den sner.
Arnulf Øverland
Kvil i fred pappa.
trygg er han ikke engang i din favn.
Engang du ser han, skal vere den siste.
Og du skal rope forgjeves hans navn.
Kom da i hu:
Du, også du
Nærmer deg natten og kan ikke snu
Veien du går, må du følge til ende
Fører den og gjennom skyggenes dal.
Ingen kan stanse, og ingen kan vende,
ingen kan skånes for gråt eller kval.
Gråt eller le!
Vellyst og ve
Levner du bak deg som roser og sne!
Hva kan man kalle den søvn, som han sover?
Sjerneløs hmmel og blikkstille hav!
Uro som naget han, nu er den over.
La ham da fare i fred til sin grav!
Spør ikke mer,
Hvorfor det skjer!
Løvet, det faller, og sneen, den sner.
Arnulf Øverland
Kvil i fred pappa.
lørdag 2. oktober 2010
3 år har gått!
(Aiai når skal eg lære meg dette med desse bileta, feil rekkefølge igjen!!)
Men då byrjar vi på toppen da med stamfar. Har du nokon gong sett eit flottare bilete?
Tenk å kunne le slik saman etter snart 60 års ekteskap. Hadde ikkje det vore flott?
Dette bilete har eg her i dag fordi min kjære besten har bursdag i dag, heile 83 år.
Verdas flottaste mann.
Her er morgendagens bursdagsbarn! 3 år alt, ikkje skjønnar eg kvar åra tok vegen! Store flotte jenta mi. Ei blide perle!
Men då byrjar vi på toppen da med stamfar. Har du nokon gong sett eit flottare bilete?
Tenk å kunne le slik saman etter snart 60 års ekteskap. Hadde ikkje det vore flott?
Dette bilete har eg her i dag fordi min kjære besten har bursdag i dag, heile 83 år.
Verdas flottaste mann.
Her er morgendagens bursdagsbarn! 3 år alt, ikkje skjønnar eg kvar åra tok vegen! Store flotte jenta mi. Ei blide perle!
Abonner på:
Innlegg (Atom)






