lørdag 12. februar 2011

Mi valentin

Me feirar på Valentinsdagen! Men me feirar ikkje valentin, me feirar bursdag! I år er det 5 årsdag!!
Snuppa mi.. Tenk kor fort tida går.. I følge seg sjølv er ho snart skulejente, og det er faktisk ikkje so langt unna. Berre eitt og eit halvt år att. Det går fort.
Her er ho nyfødd, 1 år, 2 år, 3 år og i midten snart 5 år!


Gledar meg til feire dagen hennar, morgon er det familieselskap og mandag skal ho ha karneval-selskap her heime! Du kan tru ho gledar seg!
So no lagar eg ostekake til i morgon og nyt synet av vakre blomar eg har fått i dag. Ikkje værst!

Ha ein fin morsdag og for dokke som feirar det: valetindag.
PS eg syns Alle hjertersdag høyres betre ut

torsdag 3. februar 2011

Ein "blomsterbukett"

Her er utgangspunktet,dvs tråden kom i hesper. So etter ein time ellet to såg det slik ut. Nydligefargar, sjølv om eg vart litt overaska over den som skulle vere lavendel.. Eg hadde sett for meg ein lyslilla, men den var lys blå.. Men fin. Ellers kan eg nevne at eg har strikka bolen to gongar. Måtte ta oppatt første gongen fordi det såg so lite ut, og hadde eg forsatt so hadde den nok blitt for liten. Resultatet blei litt meir ann akkurat passe, men ikkje meir enn det. Nydeleg mønster, daisy (er ikkje det Tusenfryd på norsk?)
Lisje mor er strålande fornøgd. Eg syns fargekombinasjonen vart fin! Håpar eg gidd å strikke fleire av desse. Eg har ei greie med at eg ikkje orkar strikke meir enn en ting av en sort. Dvs eg har mange einslege tjukke lestar.



Forstår du kvifor eg har kalla innlegget ein blomsterbukett? Jau fordi vesten har vårlege fargar, syns ikkje du?
























fredag 28. januar 2011

GI BORT på Majas hobbykrok

No linkar eg til denne flotte hobby-bloggen. Ta turen inn å bli overvelda over kor mykje fint ho laga. Å når eg har linka hit so får eg eit lodd der eg kan vinne ei flott hue :)

onsdag 19. januar 2011

Haustvest

Eg er blitt "aktiv" i Strikkeverden. Det er eitt kjekt forum der ein møter andre som spøter. Ein får mange råd og tips, og lenkjer til nettsider. Der fann eg Pickles
og denne flotte vesten. So no er tråden bestilt. Eg bestilte ikkje desse fargane, mine går i lilla tonar. Fargenamn som Lavendel og sukkerspinn er nå innbydande i seg sjølv. Eg gler meg til tråden kjem. Men trur den kjem i hesper so då treng eg eit hespetre eller to tolmodige armar, anyone???

lørdag 15. januar 2011

Ut i skogen

Eg er med i ein strikke-along på strikkeverden. Temaet var ut i skogen. Kva passar då betre enn nokre søte harepusar??
Hua får seg ein eigar i Molde trur eg. Den vart litt for lita til min små englar, so eg donerar den til Tuva mi.


søndag 9. januar 2011

tirsdag 4. januar 2011

Prosjekt Marius

Den er endeleg ferdig. 1. nyttårsdag. var den endeleg klar!! Bilete kjem snart!