lørdag 5. juni 2010

Det var ein gong

Det var ein gong ein kjole eg kjøpte på cubus. Har brukt den ein gong. Den har hengt i skapet i to år.. Det er for gale egentlig, men kjolen passar meg ikkje lenger. Verken her eller der. Leid antageleg av ei alvorleg ammetåke då eg kjøpte den.. Anyway, slik såg den ut. Med stropper og ei "rysje" nederst. So klipper vi litt her og syr litt der. Kavar og kjenner det er lenge sidan siste eg har sydd. Men til slutt har det blitt ein ny sommar kjole . En heil del størrelsar mindre. Men rett fin vart den.
Eg klipte av "rysjen" nede og sydden den på at på den mindre versjonen. Syns det gjorde prikken over "i-en".

Dette bandet braut litt med resten so den ser litt meir spenstig ut. Viser litt dårleg her ser eg. Men der er turkis med nokre kvite krussedullar på.

Alt i alt sei eg meg fornøgd! Det er ikkje værst berre det, ha ei god helg!

fredag 28. mai 2010

Pastasalat

Lenge mellom innlegga her hjå meg. Rett og slett litt mangel på inspirasjon av det meste.
Men dette bildet er priceless! Er ikkje ho moro?? Her i hus er det ikkje berre menneska som feirar dag, nei her slår me på stortromma når katten fyller år også. Og som dokke kan sjå her ha med stor svært besøk også. Prinsesse Tuva som nyleg vart 1 år var her for å feire vår eitt åring.
Men det eg egentlig eg skulle skrive om er dette:
I dag laga eg en kjempe god pasta"salat". Eg er jo som "kjent" ein super god lage-mat-av-det-en-har-liggande person. Eg må rett og slett berre dele oppskrifta med dokke her.
Eg kokte ca en halv pose pastaskruar i hønsebuljong. So lot eg den avkjøle seg litt mens eg skar opp tomat, skinke, purre, valnøtter, fetaost. So hadde eg to skjeier grøn pesto (type: eldorado) i ei skål, helde oppi pastaen og rørte godt. Tilsette resten og blanda godt. Severte med kvitløkbagettar.
Eg kan levande forestille meg at denne hadde vore nydelig god med eit glass rødvin til. Eg får prøve det ved ei anna anledning.

søndag 9. mai 2010

Make-over

I min pure ungdom, fekk eg denne puffen av ein bekjent. Det er ein slik som ein kan både sitje på og oppbevare ting i. Siste åra har sonen min hatt denne på rommet sitt. Ikkje særleg vakker, men funksjonell.
Men so teke ein litt stoff, ei stiftemaskin og ei saks og simsalabim so har puffen blitt god som ny:

Den vart vel fin? Eg har nyleg mala gutterommet. To veggar er lyse blå og eine veggen er knall-mørk blå. (Ja rommet har sjølvsagt 4 veggar, men den eine veggen er dekka av skap) So fargane på rommet ellers skal gå i mørkeblått. So då passa jo denne flott inn. Stoffet kjøpte eg for 10,- kr meteren eller noko sånt i Molde i fjor sommar. So då har eg litt att for å sei det sånn. Kanskje det blir nokre puter eller noko sånn.
Bilder av gutterommet kjem. Siste finish i kveld.


onsdag 28. april 2010

Berre til informasjon

Eg sykla til jobb idag, tok 15-20 min. Uten at eg var døden nær ved målet. So det er ikkje avskrekkande å gjere det att. Er mest stolt av at eg faktisk sykla sjølv om regne pøste ned. Tanken på at ditte gidd eg ikkje, var til stades. Men eit par grep og spark i eiga rau gjorde susen.

Ja bit dykk til merke at det seier eg no, og ikkje i morga når gangsperra har tredd i kraft. Men i morgon skal eg ikkje sykle. Kanskje fredag. Det krev faktisk litt planlegging dette i forhold til når eg er ferdig på jobb, må eg handle etter jobb, når byrjar eg på jobb. Men målet mitt er å kome i betre form. Å det skal eg klare. Og målet er å sykle på jobb minst 2 gongar i veka.

tirsdag 27. april 2010

I morgon

då skal eg sykle på jobb. Er det vår so er det vår. Og ein gong må vere den første. Realiteten er vel den at eg er i skammeleg dårleg form for tida Å sjølv om det er berre ca 5-6 km til jobb frå barnehagen til jentene, (ja for eg gidd ikkje sykle med hengar å vere meir stressa enn nødvendig) so er det betre enn ingen trim. All bevegelse uten om det vanlege mønsteret er jo trim.
Å klarar eg då å sykle to-tre gongar i veka so er eg fornøyd eg.
Ja kvifor skriv du om det her tenkjer du kanskje no???
Jau for då har eg skrive det her, tenk kor pinleg om nokon ser meg kjøyre bil til jobb i morgon då. Yes eg er kjempe motivert til å bli i betre form, få meir energi og trene litt igjen!!
Håper det ikkje regnar!!


Ta vare på dei du er glad i, plutselig er det forseint..

søndag 25. april 2010

VÅR!!!!!

Visst er den nydeleg løvetannen. Herlig farge som minner om sola og varme dagar. Likevel har eg leie på kne snart ein time i hagen for å prøve å få vekk denne nydlege skapninga.
Med hakkegrev og rein handmakt. Men kjenner eg den rett bryr den seg vel ikkje om at eg har brukt tid og krefter på dette og er tilbake neste veke berre i fleirtal.
Herlige vår!! Håper snøven held seg vekke no. Deillig å vere saman med ungane ute. Dei har leika og eg har rydda vekk det som dukka opp etter snøen. Eg såg til og med kvitveis! Nydeleg.
Håper dei varme dagane eg har drøymt om so lenge kjem snart!!
Ha ein herleg søndag!

søndag 11. april 2010

Med krølla hale

Endeleg på tide med lettare klede. Og vår huer!!
So då vart det det, vårhuer altså. Med krølla hale og nasegrev. Eg har gjort om litt på oppskrifta som eg hadde for det var ein type baggyhue. Er ikkje 100 % fornøyd, men syns den vart skikkelig tøffe.

Den er hvertfall unik.
Er glad for at våren brakte med seg litt ny motivasjon til å sy. Kjenner eg treng det no. Lys og varme.. Tru og håp også for den del.
Ha ein nydeleg søndag!