torsdag 31. mars 2011

NFI prosjektet.

NFI står for NyFødtIntensiv, og prosjektet går ut på å strikke små sokkar, teppe og hue til desse små premature borna. Dette prosjektet er i regi av Strikkeverden. Kvart sjukehus med NFI avdeling har fått sin kontaktperson. Eg står som kontaktperson for Ålesund sjukehus. So det er berre å ta kontakt om du lurer på noko.

HER kan du lese meir om NFI prosjektet. Og herved oppfordrar eg til å bidra. Husk at kvar ein lest hjelpe!

torsdag 3. mars 2011

Vaffelstrikk

Som nevnt i forrige innlegg, so har eg vore med på Hemmeleg strikkevennrunde. Eg har alt vist det eg fekk, men plutselig fekk eg ein pakke til. Eg veit årsaka, men det er vatn under brua no. No fekk eg denne fine tråden ein knapp, to sjokoladeklubber og Anton Berg- sjokolade. Skjønt den sjokolade fekk bein å gå på so det har eg ikkje bilete av. Uansett tusen takk -Kine-. Og her er hua eg strikka av den kashmir-tråden som eg fekk i forrige pakke. Hua heiter vaffelhue og mønsteret trur eg ser meir komplisert ut enn det det er. Herleg mjuk vart den. Mønsteret fann eg på Pickles. Der er so mykje fint! Ta turen innom.

No har me vinterferie, hærlig!!

onsdag 23. februar 2011

Å HAPPY DAY

Her er min pakke, endeleg frå hemmeleg strikkevenn-runda. 2 nøster deillig organisk bomull og 2 med ei blanding av kashmir og merino. Tusen takk!!!
.
Små born, store gleder. Dette tilfelle meg sjølv.

Ylva og eg var til kontroll på Åse i dag og då blir det alltid ein tur til moa. Eg lurer av og til på kva som hadde skjedd om eg hadde reist rett heim.. Vel vel nok om det. På Moa Amfi ligg ein av mine favoritt butikkar. Eg finn alltid noko når eg er innom der, dagen i dag er intet unntak. Eg fann ikkje mindre enn 2 tunika/kjola.

Her er den eine. Det er den som er mest kjole og kan brukast både til fint og vanleg. Den har omslag framme og strikk i livet. Prøvde den når eg kom heim og eg må visst justere litt her og der. Men ellers so veit eg at dette er eitt plagg eg vil bruke. Dette er bakstykker på den andre, den som er meir ein tunkika enn ein kjole. Eg kjøpte den mykje pågrunn av denne detaljen. Den er i litt tjukkare stoff en forrige og er mjuk og deilig. Blanke svarte perleknappar framme.


Eg kjøpte også eit stoffnett. Syns det var så søtt og likte godt fargane. Har tenkt å nytte dette til å ha strikketøyet mitt oppi. Plastposar er lite gunsti då strikkepinnane stikk hol på dei.

Denne kjøpte eg også på Indiska. Og alt dett kosta meg til saman kr 129,50. Eitt kjempe varp med andre ord.



So det var litt av min dag i dag. Herleg med slike dagar!! SOL!!

lørdag 19. februar 2011

Det blir visst langt mellom innlegga her. Hektisk kvardag. Men no ser me fram mot vår og sol. Sistnevnte har heldigvis vore her fleire gongar i det siste, det er bra herlig at det er lyst til over 18.00. Fornya energi i kropp og sjel.
Har lyst til å strikke ei vår jakke til Vilde. Denne fann eg på Sandnesgarn sine nettsider.

Trur den hadde vore fin til ho. Men ein anna farge, lys blå kanskje. Lilla???
Ha ei herlig helg!
Link til Sandnes

lørdag 12. februar 2011

Mi valentin

Me feirar på Valentinsdagen! Men me feirar ikkje valentin, me feirar bursdag! I år er det 5 årsdag!!
Snuppa mi.. Tenk kor fort tida går.. I følge seg sjølv er ho snart skulejente, og det er faktisk ikkje so langt unna. Berre eitt og eit halvt år att. Det går fort.
Her er ho nyfødd, 1 år, 2 år, 3 år og i midten snart 5 år!


Gledar meg til feire dagen hennar, morgon er det familieselskap og mandag skal ho ha karneval-selskap her heime! Du kan tru ho gledar seg!
So no lagar eg ostekake til i morgon og nyt synet av vakre blomar eg har fått i dag. Ikkje værst!

Ha ein fin morsdag og for dokke som feirar det: valetindag.
PS eg syns Alle hjertersdag høyres betre ut

torsdag 3. februar 2011

Ein "blomsterbukett"

Her er utgangspunktet,dvs tråden kom i hesper. So etter ein time ellet to såg det slik ut. Nydligefargar, sjølv om eg vart litt overaska over den som skulle vere lavendel.. Eg hadde sett for meg ein lyslilla, men den var lys blå.. Men fin. Ellers kan eg nevne at eg har strikka bolen to gongar. Måtte ta oppatt første gongen fordi det såg so lite ut, og hadde eg forsatt so hadde den nok blitt for liten. Resultatet blei litt meir ann akkurat passe, men ikkje meir enn det. Nydeleg mønster, daisy (er ikkje det Tusenfryd på norsk?)
Lisje mor er strålande fornøgd. Eg syns fargekombinasjonen vart fin! Håpar eg gidd å strikke fleire av desse. Eg har ei greie med at eg ikkje orkar strikke meir enn en ting av en sort. Dvs eg har mange einslege tjukke lestar.



Forstår du kvifor eg har kalla innlegget ein blomsterbukett? Jau fordi vesten har vårlege fargar, syns ikkje du?
























fredag 28. januar 2011

GI BORT på Majas hobbykrok

No linkar eg til denne flotte hobby-bloggen. Ta turen inn å bli overvelda over kor mykje fint ho laga. Å når eg har linka hit so får eg eit lodd der eg kan vinne ei flott hue :)