


For ei stund sidan sletta eg min gamle blogg, blei lei... Men no har eg laga ein ny!!! Den vil vel stortsett gå ut på det same som den forrige, nemleg ungane min, mannen min og mine hobbyar og min kamp om å klare å rekke over, tilbringe tid med dei alle.
Bileta eg har lagt inn idag er frå ein av dei første vinterdagane. Og for Ylva blei det eit kaldt møte. Har aldri vore i snøen før. Trur ikkje ho synest det var so svært. Apropo lisje jenta mi so er ho brått ikkje so lita lenger. Ho går og går- og eg blir like overaska og rørt kvar gong. Lille babyen min... Den mellomste kjøre sin egen stil. Ho bestemmer sjølv og har ikkje so reint få primadonna nykkar. Likar ikkje å bli fortalt kva ho skal og ikkje skal gjer. Ho er for lisje søster kjempe omsorgsfull og passar på ho. For storebror er ho framleis lita og let seg passe på av han. Han har byrja på skule med dei utfordringar det byr på. Men han trivest og han har byrja på handball. Kjempe flink, eg anar ein framtidig landslagspelar. ... Skatten min..
Ellers går dagane i arbeid, unga, kjøring og eg pøva å få trent litt innimylla. Prøvar å dyrke litt hobby også, neste prosjekt er julekjolar til jentene! Stoffet ligg å hyle på meg.. Skal snart byrje.

1 kommentar:
Heyhey! Kjekt å sjå at du me he blogg...artigt å fylle med!
Venta spent på julekjolane!! Legge dej te blogglista mi ej by the way! :)
Legg inn en kommentar