fredag 1. mai 2009

Nye vesker

Har endeleg fått sydd litt igjen. Sydd ferdig ei veske og laga ei ny. Skjære matta mi er den beste redskapen eg har. Er glad eg skaffa meg ei slik ei. Ytterstoffet er svart poplin, vannavisande faktisk, frå S&S. Foret er eit "asiatisk" stoff. Litt stivt, er usikker på kva det heiter. Eg kjøpte det på botex før dei la ned.
Her ser ei bedre det fine motivet som er i stoffet. Eg likar det svært godt. Hadde egentlig tenkt å sy puter av det, men no blei det altså ei veske. Inni er der lommer med trykk-knapp lukking.
Her er den nye barnehage veska til jentene. Kjekt med ei slik ei når ein skal til og frå barnehagen. Stor og god. Den er sydd i gardin stoff frå KID. Ballerina ut på og zoologisk hage inni.
I morgon skal eg på tur saman med venninda mi. Det gledar eg meg til, åh! kafe besøk og shopping, blir ikkje betre!



4 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Kjempe flotte vesker!! Like dyktig som vanleg.

Skal du på shopping?
Det skal eg også. Ut i Ålesund saman med mi eldste datter:) Blir kjekt.
Nå er eg trøtt, skal tidleg av gårde i morgå, så då er det leggetid.
Ha ei god natt og fortsatt fin helg
klem

Anna Lisa sa...

Møtte du på meg i dag???
Eg så ikkje deg!!!
Neida fann ingenting i dag. Kjøpte kun ei bukse parfyme og ein maskara :)
Ha god helg vidare
Klem

Anna Lisa sa...

Ha ha ha!!! Eg er senil Trude :)
Fann du noke fint i byen ?

Anna Lisa sa...

Du ba forresten om en link til gamle foto på nett.. Hvis du kjika i bloggen min på januar 2007 så ser du link til ei slik side i eit innlegg som heite gamle foto.
Det er nok det einaste eg har funne.....