Då er me klare for ei ny veke. Ny dagar, ny muligheiter. På fredag var eg saman med mi gode venninde Lovise og prinsen hennar. me var heilt på "slyngen". Cafe og shoppingrunde. Turen gjekk i den forbindelse innom Ørsta Stoffsenter. Eg har gått å venta på at dei skal få inn meir stoff, og no var det endeleg komt. Velour i rødt, rosa, lilla, turkis, grått og brunt. Ribb i regnbuefargar.

Å her ser du kva eg enda opp med. Brun velour, eit bomullstoff og den fantastisk fargerike ribben. No fundera eg berre på kva eg skal lage. Har ein ide eller ti. Må nok ta turen bort dit ganske snart igjen. Sjølv om det kanskje ikkje blir so mykje sying enda. Handa mi er ikkje einige med meg om dagen. Merkar at
mannen er borte og at eg difor må gjere det meste sjølv. Det slår nok litt ut i skuldra, men men.

Dette bilete måtte eg berre legge til. Det tok eg i går føremiddag. Jentene var so leide av å vere inne so vi tok på oss godt med kle og brødskive ut i regnet. Her et dei lunsj på trappa i eit lite øyeblikk av opplett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar