lørdag 3. oktober 2009

Lisje babyen min er 2 år i dag

Kvaar blei tida av? Leik, moro, omsorg, glede, bekymring, glede,glede, glede, humor, utvikling.. Verdas flottaste jente er du. Lisje dropset mitt. Heilt fersk her i verda, 3410 gr og 49 cm. Kom som ein rakett. Jordmor lurte på om vi skulle kalle deg Sputnik. Me tok til vettet og kalte deg Ylva (skjønt det hadde mamma bestemt lenge før du var komt)
Di fyrste jul. Her saman med oldefar. Han har fødselsdag dagen før deg og i går blei ha 82 år. Gratulere med dagen Besten Jon!!

Ylva 1 år! Dette bilete er tatt jula-08 . Du har byrja i barnehagen, lært å gå, ja kva du ikkje kan ?? Prinsessa vår!
I dag er du altså 2 år og me skal feire deg heile helga med pakkar, kake og gjestar. Håper du får ein flott dag lisje vennen min. Me er so glade og stolte av deg!
God helg til alle som er innom!



3 kommentarer:

Eirin sa...

Gratulere med dagen til lille dropset! :) God helg

Anna Lisa sa...

Gratulerer med sjønne dropset ditt. Ho er så nydelig!!
Kos dokke
Klem

rosaengler ♥ sa...

Gratulerer så mye med overstått til ei så nydelige liten, med det vakre navnet Ylva ❤