Den store stjerne-smellen.
Eg har laga bukse til Vilde. Med stjerne bak. Soon-to-be-eigaren er særs nøgd. Trur nok ho blir glad når mora endeleg vart ferdig med den. Ikkje at buksa var særleg komplisert, men eg knota so lenge med ribben nede..
Mønster: Sy sejt børnetøy. Stoff: Velour frå Ørsta stoffsenter, og ribb frå E-sloyd (trur eg).

Denne sprayen er ei nødvendigheit. Og eg er so glad for at Monica tipsa meg om den. Det er lim rett og slett, super ved applikasjonar og kanting av feks velour. Berre å spraye på.

Enkelte har det godt. Pusen vår har blitt stor, for stor til senga si ser det ut til... Er ikkje han fin vel??

Eg har blitt inspirert av ei kjekk dame eg arbeidar saman med. So eg har nokre idear no i hovudet. Har planar om å teste ut. Vil ikkje sei noko meir, berre gjer dokke som er innom bloggen min nysgjerrige,
og du om du er innom her, legg at ei helsing då vel !
1 kommentar:
Veldig flott bukse du har laga!! Og lille pus er veldig søt. Sikkert go kosepus :)
Ha en flott dag, sjølv om det er ruskevær.
Klem
Legg inn en kommentar