onsdag 17. februar 2010

Calometri

Laurdag var eg, som eg ofte er, innom Ørsta stoffsenter. Det vart ikkje stoff denne gong, men eg såg nokre nydlege panneband. Dei var strikka i eitt tynt garn. Veit ikkje kva slags tråd det var. kan minne litt om babyull. Og dei hadde nokre søte merker på seg. oppskrift var ikkje tilgjengelig so då var det berre å Google. Og her fann eg oppskrift: http://blogg.hobbyboden.com/lindan/index.php/2007/03/27/p17973. Min nydlege modell er godt fornøgd hvertfall. Fargen på tråden er ceriserosa, litt sånn melert, og stemmer ikkje heilt med den fargen som det viser her... Eg strikka på pinne 3 i vanleg tynn alpakka. Enkel tråd. Det vart litt knapt, men eg har ei kjensle av at dette var det første av fleire.Vilde fekk seg ny Skogstad-jakke med mormor (mamma mi) til bursdagen. Og dette bandet passar heilt perfekt fargemessig til.Dekker godt over øyrene. Perfekt til litt varmare tider, snart VÅR
Knapp bak, men den er meir til pynt enn til noko funksjonelt egentlig. Litt søtt da.
Slik ser det ut når det er utbretta.
Det er såre enkelt å lage. Sjølv for dei som ikkje strikkar so mykje. Enkelt og fort gjort. Nesten synd det ikkje er jul snart for då hadde dette blitt julegåver.


2 kommentarer:

Monica sa...

Ja vakje dei flotte vell!!! Digga dei!! :) Dissa treng me moonge ta ja. ;)

Rita Olene sa...

Ååå kor fine panneband!! Ditta he ej jammen lyst å prøve mej på i helga!!:) Visst ej klare det da me mine mangelfulle strikkeferdigheite;)
MEN fe berre error på linken der du he oppskrifta...e det berre mej eller??;) E sikkert monge so kan tenke sej den oppskrifta der...

Nydelige onga du he og koselig blogg,Trude:)

Ha ei herlig helg!!!:)