søndag 12. desember 2010

Hjertlige vottar

Er visst ivrig på innlegg i dag, og dagen har vore produktiv.
Eg har spart på ein krympa lamull genser. Syns fargen er fin og den var omtrent ikkje brukt før den havna på 60 grader saman med handukane. So eg har som sagt spart den med tanke om å lage eitt kvart nytt av den.
So kom eg over oppskrifta i eitt juleblad. Eg trur dette er såkalla Tilda vottar. Genseren vart leita fram, delt i to, lagt på mønster, klippe feil og måtte klippe same delen tre gongar før eg klarte å tenkje speilvendt. So broderte eg hjerte på, som vart både skeivt og skakt. Men det er vel litt av sjarmen, det er hvertfall mi unskylding. Vips so var dei ferdige, det var eigentleg fort gjort. Og bonusen er at dei vart kjempe fine og Ylva vart veldig fornøyd. Miljøvennleg også.
Desse blir det fleire av. Trur eg må kjøpe noko ullfilt (eller kanskje krympe ein genser eller to)

3 kommentarer:

Findus sa...

Flotte blei de :) Hender det er helt "greit" å krympe ting og , hi hi . Koselig blogg du har , kommer tilbake hit ;)

Olianne sa...

Kjempe lurt og fine :) Viss du he liggande noken ullgensera som du ikkje bruka e det berre å krympe :) Du laga mykje fint!

Maria sa...

Så herlige hjertevotter.