Den siste veka har vore prega av eit fantastisk veir. Det har vore nærmast ein draum å vere på jobb i dette vårlege veiret. Og no i helga toppa det seg igrunnen heilt, ja det var enda til varmt i veiret. Kjempe herleg og eg kjenner vår kjensla kjem snikande. Føler for fornying, denne gang var det stua som fekk litt "make-over".
Her er "før-bilerte":

Fatet du ser her kjenner du kanskje att, det er same fatet som vart brukt til adventlysa min. Eg har arva det frå mi oldemor. Bilete i ramma er det som følgde med når eg kjøpte den på "Kremmerhuset" for ei tid tilbake. Dei små blå dekor steinane og lyse stakane vart handla på Skeidar.

"Fryd" hadde fått inn nye vare og eg hadde eit gavekort der, no fekk eg endeleg brukt det. Eg kjøpte desse flotte putene og dei blå løperane. Syns dei var skikkelig fine, sjølv om det var litt uvant med det første. Har den siste tida brukt mykje lilla, så det har vore litt mørkt hjå meg.

Men dette syns eg vart lyst og lett. Kjennes godt med litt forandring. Løparen på bordet får etter dagens erfaring berre være på når Ylva har lagt seg for kvelden. Den var akkurat så lang at ho dreg den med seg når ho går ei av sine million runder rundt bordet (som forøvrig skal skiftast ut då det ikkje passar med noko.....)

Å her eit bilete av min lille hjelpar. Den runde flittige handa hjelper mor å vaske og rydde. Vi har kosa oss saman, ser ho nyt å ha mamma aleine litt. Lisje dropset mitt ho...

No er helga over, måtte kommande veke vere like flott som den som var.
2 kommentarer:
Så fint du har det!!!
Syns putene og fatet og løparen gjorde sitt. Må ikkje mykje til for å få litt forandring i kvardagen. Kjenner eg er moden til å skifte ut litt her også. Det er alltid kjekt.
Du har dt ihvertfll veldig koselig :
Ønska deg ein strålande dag i sola:)
Klem
Kjempefint! Har litt dilla på turkis om dagen - likte kjempegodt den puta!
Ha en fin helg! ;-)
Legg inn en kommentar