lørdag 8. august 2009

Det er ikke morsomt å spise sin mat når den ligger i pakke og ikke på fat!

Kva har du på matpakken di?
Grov skjeve med svett brun/kvit ost? Salami? Knekkebrød med fårepølse? Kanskje litt agurk på?
Mine matpakkar brukar ikkje å vere så veldig flotte, sjølv om ungane til tider har skiver med stjerne fiskepudding, og grillspyd med mør. Noko meir eksotisk er det ikkje her i heimen hvertfall. Men gjennom http://rosaengler.blogspot.com/ kom eg over denne flotte bloggen http://bentoboks.blogspot.com/!! Supert, frå no av blir det ingen kjedlege matpakkar (hvertfall ikkje fyrste veka).
I morgon kjem guten min heime etter tre veker på ferie, gjett om eg gledar meg. Saknar han fryktelig masse. Me skal kose oss masse denne siste veka i sommarferien hans.

fredag 7. august 2009

Rart med det...

Eg vil ikkje vere i som klagar og syt, men det er rart med det. Alt ein har lyst å gjere når ein ikkje kan. Eg skal nå slappe av og ta det med ro. I andre tilfelle når eg har vore i slike situasjonar så strikkar eg.. Og no kleiar eg i fingrane. Eg har ei arm i gjen på Gråtass genseren til Vilde for å bli ferdig. Denne kunne eg tenkt meg å strikka til John
Den lilla kjolen syns eg var nydeleg. Genseren kunne blitt ei bursdagsgave til nevøen min.
Denne er flott til kaldare tider, tek sikkert ikkje lang tid heller
Jentene skulle hatt nye ullbukser, pulsvarmera var eg tenkt å strikke i fleirtal. Kjekke som små ekstra presangar. Huer, vottar.. Ja no kjem ideane rullande inn her.
Sist men ikkje minst denne nydlege kjolen!!
Eg tek tida til hjelp og håper eg snart blir bedre. Eg er ikkje spesielt god på å berre sitte i ro.
No skal eg gå ein tur rundt bygda, skal ta med kameraet mitt. Kanskje det blir nokre fine bileter eg kan dele med dokke her.
Ynskjer dokke alle ei god helg!

torsdag 6. august 2009

Konkurranse!!!

Jippi, her er ein herleg konkurranse! Og premiane er heit fantastiske! So ta turen innom denne bloggen! Link til bloggen nederst på innlegget!!! Lykke til!


http://www.blafre.blogspot.com.

onsdag 5. august 2009

Frossen skulder..

Eg har i siste tida vore plaga med ei skulder som har vore så låk. Spesielt om natta, då verker det virkelig og eg har problem med å få sove. Smertene kjem og går litt sånn. Ikkje alltid like vond. I juni var eg til lege og fekk kortisonsprøyte for senebetennelse. Det hjalp vel ikkje akkurat so veldig masse da..
Siste 14 dagane har også vore vonde og eg har tatt litt voltaren som skal vere betennelse dempande utan særleg virkning, so i dag klarte eg ikkje meir etter nok ei søvnlaus natt. Legen eg møtte i dag tok seg faktisk tid til å undersøke meg. Og kom til konklusjon at eg har frossen skulder eller frozen shoulder. "Betennelse i leddkapselen som omgir skulderleddet, adhesiv kapsulitt, kalles også "frossen skulder"/frozen shoulder. Leddhinnen klistrer seg etter hvert sammen med leddhodet og kapselen stivner og krymper. Dette resulterer i langvarige smerter og betydelig nedsatt bevegelighet i skulderen."Den gode nyheita sa han er at du blir bra, den dårlege er at det tek tid. Opptil kanskje tre år.. Usj dette har eg verken lyst eller tid til. Her er "sjukdomsforløpet"
De 3 stadiene:
1 Smertestadiet, gradvis økende smerter. 2-9 måneder
2 Adhesjonsstadiet, økende stivhet. Smertene slutter å øke, etter hvert avtagende. 4-12 måneder
3 Tilhelingsstadiet. Lite smerter, betydelig stivhet. 5-12 måneder

Info her:
http://www.apotek1.no/raadogtjenester/raad/skjelett_muskler_og_ledd/frozen_shoulder?gclid=CObW8PiRjZwCFZeD3god1XGQXQ

Eg er ved godt mot foreløbig, no må eg berre lære meg kunsten å ta d med ro og slappe av. Og det trur eg kan vere lettare sagt enn gjort. Har so mykje eg skulle ha strikka og sydd, som feks gjort ferdig genseren til Vilde osv.. Får berre la det ligge litt.

Ha ein fortreffeleg onsdagskveld !

mandag 3. august 2009

Draumen..

I dag har barnehagen der jentene går planleggingsdag. So i dag har vi kosa oss saman med Helene, Andrea og Christine (Blogg: Livet mitt). Me har kika på ny senger til dei. For dei har nemleg bygd seg nytt hus. Å fyttigrisen, eg må erkjenne at eg er sjalu langt inni hjerterota. Fantastisk flott er det. Dei har ikkje flytta inn heilt enda, men det er berre dagar unna antagelig. Dei har lagt ned timesvis med arbeid for å få draumen sin oppfyldt. Nydeleg kjøkken,lys og luftig stue, herleg bad, stort vaskerom og flotte rom til jentene. Det er dei vel unnt. Gledar meg til å drikke kaffi og skravle i ny omgivelsar.
Sjølv om eg har hus, så drøymer eg om å vakne opp i eit flunka nytt hus. Eit nytt hus som ikkje treng masse oppussing og maling. Vårt hus er nydeleg, ikkje for det altså. Men det trengst ein del arbeid, det er litt lite og vi angrar på nokre av løysningane me valde då me pussa opp forrige gong. Det blir nok supert og perfekt ein dag. Eit slikt eit vil eg gjerne ha: Bilete fann eg her:
Vi har store planar for huset vårt og at det med tid og stunder skal ha eit litt sånn funkishus-preg. Dei som veit korleis bustaden vår ser ut , skjønnar då at me har mykje godt arbeid framføre oss.
I mylla tida får me vente på at plommene modnast, å drøyme og planlegge dagane som skal kome...
Eg vel å hive på eit spørsmål til dokke som les bloggen min:
Kva er ditt drøymehus??

søndag 2. august 2009

T-skjorte og actionpics

Har då prøvd meg på ei t-skjorte. Den vart ok , men må fiksast litt på då den vart litt for lang i armane og ribben ikkje vart heilt so planlagt. Ein lærer av sine feil, det er viktig." Elefant på vandring"
Actionpics: Her er Vilde i sin elefantkjole. Særs fornøgde :)
Og Ylva i sin. Det kvite du ser på arme er ein body som ho har under for å halde bleia på plass, hehe.
Jentene stiller ivrig opp som modellar for mor i sine nye kjolar. Mor kan seie seg rett nøgde :)



Ein herleg tur

Tidlegare i veka bestemte me, les: mormor, mor, jentene og eg, oss for å leige oss ei hytte hjå Flø feriesenter. So laurdag pakka me bilen og tok laust. Det er eigentlig vanvittig kor mykje ein tek med seg for å reise på tur. Men som De veit har veiret vore det ein kan kalle ustabilt her omkring. Eg hadde med alt frå badekle til støvlar og regnkle. Heldigvis fekk vi ikkje bruk for sist nemnde. Etter å ha vore i Ulsteinvik på førmiddag reiste me ut til Flø. Paradis er eit dekkande ord.. Fantastisk vakkert er der.. Me for rett på stranda, for kaldt til å bade med herlig å være.
Ein liten fot blant millionar av sandkorn.
Ei lita lubben barnehand som utforskar og sansar
Eit nydeleg smil som vitnar om herligheita vi opplever.
Full konsentrasjon, ikkje enkelt for små føter å gå i sand
Ut mot moloen, nydeleg.
Majestetiske fjell...

Hadde mitt kamera hatt ei bedre linse hadde ein skimta eit fyr på den lille øya eller holmen der ut i havet. Nydeleg
To jenter kosar seg med potetgull på plattingen utfor hytta.
Ingenting slår ein god iskrem, Ylva elskar is.
Dette var ein fantastisk tur, vi har kosa oss veldig. Ete god mat og drikke. Supert!
Som eit apropo so vil eg anbefale at dokke teke dokke ein tur til Hjertekråa i Ulsteinvik. Nede er der ein butikk so sel diverse kle, feks i alpakka. Her er heimestrikka tova huer som er kjempe flotte. Litt alternativt. Ein butikk etter mitt hjerte. Elskar slike buder. Og i andre etasje er der ein liten koseleg kafe. Med kvit mala små bord og pinne stolar. Dei sel brødskive med brunost, vafler og kaker. Saft og kaffi. Her fins ikkje en einaste burritos, dette også heilt etter mitt hjerte. Her heng diverse kunst på veggane. Rundt omkring på borda litt der små skjønne steinar som dei har skrive små visdomsord på. So estetisk vakkert. So om du vil oppleve litt anna enn kjas og mas kafear, sjå litt anna. Ta turen hit.
Ha ein nydeleg søndag og ei fantastisk veke!