lørdag 18. desember 2010

Nydlige knekkebrød!!

Eg fann ei oppskrift, i Boligdrøm, på heimelaga knekkebrød. So då måtte det prøvast ut. Og dei vart rett og slett nydlig god. Dei er dessuten kjempe enkle å lage.

Heimelaga Knekkebrød:
4 dl sammalt rug, grov
4 dl havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1 ts salt
7 dl vatn

Bland alt det tørre og tilsett væske. Rør saman.(her treng du ikkje foodprossesor altså).
Hel røra ut på to bakeplater. Glatt røra utover med event en slikkepott. Del opp røra med et pizzahjul før du steiker.
Steik i varmluftsovn ved 180C i 50-60 min, begge bretta i ovnen.
Sett døra på gløtt og avkjøl knekkebrøda i ovnen når dei er ferdig steikt.

Eg ha ikkje noko passande "knekkebrødbilde", men syns at ein ekte norsk fjøsnisse gjer seg istaden.

fredag 17. desember 2010

henning kvitnes guttær

Dette er ein song tante Astrid spelte om kvelden etter min fars begravelse. Syns det er godt å høyre denne songen. Mi tante Astrid er full av omtanke og omsorg, eit vakkert menneske.

torsdag 16. desember 2010

Og vegen blir til mens ein går.

Etter prøvevottane (vist i forrige innlegg) viste seg å vere "enkle" bestemte eg meg for å prøve å sy nokre i ullfilt også.
Så ullfilt og tove-nål vart innkjøpt. Har aldri tova med nål først so eg fekk ein rask instruksjon på Ørsta stoffsenter viste seg å være ganske enkelt egentlig. Vart to forskjellige par. Syns dei vart fine. Ganske god passform på, kankje eg rett og slett skal ta eine paret sjølv.
Dei er nesten ferdige, skal berre sy ein kant øverst trur eg, enten det eller sy på eit band. Kva syns du?

Lucia-guten min!


Det snøva troll-kjærringa ute!! Snømåka ropar på meg!

søndag 12. desember 2010

Hjertlige vottar

Er visst ivrig på innlegg i dag, og dagen har vore produktiv.
Eg har spart på ein krympa lamull genser. Syns fargen er fin og den var omtrent ikkje brukt før den havna på 60 grader saman med handukane. So eg har som sagt spart den med tanke om å lage eitt kvart nytt av den.
So kom eg over oppskrifta i eitt juleblad. Eg trur dette er såkalla Tilda vottar. Genseren vart leita fram, delt i to, lagt på mønster, klippe feil og måtte klippe same delen tre gongar før eg klarte å tenkje speilvendt. So broderte eg hjerte på, som vart både skeivt og skakt. Men det er vel litt av sjarmen, det er hvertfall mi unskylding. Vips so var dei ferdige, det var eigentleg fort gjort. Og bonusen er at dei vart kjempe fine og Ylva vart veldig fornøyd. Miljøvennleg også.
Desse blir det fleire av. Trur eg må kjøpe noko ullfilt (eller kanskje krympe ein genser eller to)

Min kreative son!!

John er nemlig veldig glad i å skape ting. Og til mora si store glede, er han veldig glad i handarbeid. Han har blant anna fingerstrikka over 16 meter.
Idag hadde han lyst å lære seg å sy. Han ville sy ein sekk. So då var det fram med tegnesaker og måleband. Han måtte sjølvsagt teikne mønster, velge stoff og stryke osv. Viktig å lære heile prossesen. Med litt hjelp frå mamma so laga han ein tøff sekk!! Mora er sjølvsagt superstolt over sonen som er so flink. Håper han beheld denne interessa. Neste steg er å lære han å strikke!

lørdag 11. desember 2010

Snart sommar?

Eg drøymer om sommar!
Ja eg gjer det faktisk, ikkje at eg klagar over veiret, sjølvom eg egentlig gjer det også. Syns det vart fint då snøven kom. No regnar den vekk og det er berre isholkar igjen. Kjedeleg både for vaksne og barn. Eg hadde gleda meg til å leike i snøven med ungane i helga. Nistepakke og kakao. Det ser ut å late vente på seg.
Då er det godt med fine bilete av deillige sommarkveldar. Dette er tatt på Flø. Vakkert! Oppdatering av Prosjekt Marius:
No er eg so godt som ferdig med bolen. Altså det mørke blå og skal til på armane. Brukt nesten 4 nøster berre på magen! Men fint blir det!

lørdag 4. desember 2010

Prosjekt Marius

Etter monge desperate forsøk på å få mor til å strikke meg ein Marius, so tek eg pinnane i eigne hender. Det blir denne:

Men med nokre endringar. I staden for perlestrikk nede, har eg vanleg vrangstrikk. Den er ikkje strikka i alpakka, men i smart. Den har blå underfarge og ikkje svart som vist her. I tillegg skal eg ha ein litt annaleis hals.
So alt i alt er det sikkert like greitt at eg gjer det sjølv, slik får eg det som eg ynskjer. Men dette er mitt første "vaksen" plagg. Er likevel ved godt mot, eg er tross alt faktisk ferdig med vrangborden nede alt.


Forresten snøvar det ute!!! Trur det er første gongen på minst 20 år eg er glad for det, men med den beinfrosten som har vore siste vekene er dette reine velsignelsen!

(bilete lånt her:http://www.sandnesgarn.no/TemaHefte.aspx?temaHefteId=500237&mElement=grupper)