Dette er eit bilete til å værte glad av. Sjå berre kor kjekt dei har det. Ler so dei hiksta. Dei er verdens bestevenner, sjølv om dei til tider slost som kattar. Eg undrar meg ofte over for eit nært og godt vennskap to slike små jenter kan ha. Dei har slik omtanke for kvarandre og er so uendeleg glade i kvarandre. Dei saknar kvarandre når det er lenge sidan dei har vore saman. Ja dei enda til ringer til kvarandre. Tru eg vart paff fyrste gongen Andrea ringte og ville prate med Vilde. Dei storkosar seg i kvarandre sitt selskap. Eg blir heilt rørt av dei to. So skjønne og herlige. Snart blir dei 3 år og det skal sjølvsagt feirast med stor stil. Måtte rett og slett berre dele dette bilete med alle som er innom.
Ha ein triveleg lille nyttårsaften!!

