Ja for den gjer nemleg det. Anten du er klar med nedvaska hus og nystrøkne gardiner eller ikkje. Eg har det ikkje. Å eg kjem nok ikkje til å få det heller.. Hvertfall ikkje denne jula. Eg har om ikkje anna nystrøkne dukar og eg har tørka støv. Men her blir jul sjølv om her kanskje ikkje er 100 % gullande reint, sjølv om her ikkje er heilt perfekt. Eg rekk rett og slett ikkje over. Super kvinna i meg har tatt ferie på ubestemt tid. Eg håper ho kjem tilbake i morgon. Om ikkje anna på en lynvisitt på eit par timar. Hvertfall så eg får tørka over golva og hatt opp siste julepynten. har pynta litt i kveld også. Har skifta ut dekoren på Adventsfatet mitt, skifta dukar og leita fram diverse lysestakar som høyrer jula til. Syns det raude glasshjertet er så vakkert når alle telysa skin i det.
Måtte berre legge inn eit bilete av verdas finaste peparkakehus. Sikkert det skeivaste også. Men dog vakkert. Musene er frå mi mor. Desse hadde ho på på pepparkakehuset når vi var små. Og vi har faktisk lys i p-huset vårt også. Diverre viser det ikkje på bilete, for det er rett koselig. Tvilar på at det blir fleire innlegg her før julaftan da, so då ynskjer eg alle som er innom
God jul!!

1 kommentar:
Ja jula kjem her også, uten strøkne gardine og slikt ;)
He ei utfordring til deg på bloggen min ej ;)
Legg inn en kommentar