fredag 24. april 2009

Eit lite uoppmerksomt øyeblikk....

.... og en yougurt... Slik går det når mora "skal berre og skal berre" mens yngste dropset et kveldsmat: "Vaskar for sikkerthets skuld innsida av begeret. Kanskje me kan nytte det til noko?"

Kven kan vel bli "streng" til dette lisje andletet? Soooo uskuldig.
Ha ei strålande helg!


søndag 19. april 2009

... og ein til ho som er større (redesign)

Dette er min gamle topp som gjorde meg to meter breid over hoftene. Føltes hvertfall slik. Den har i lengre tid vore stappa ned i ei skuff. Men so fekk mor ein ide: klippe den litt, sy litt her og der
Feste på litt ribb og liknande i halsåpning og ermhol



Vips so he Vilde fått seg ny tunika/kjole. Gledar meg til å prøve den på ho i morgon, modellen søv nemleg.
Skulle ynskje denne helga varte litt lenger og at mannen min snart kjem heim, er vel 11 dagar att no. Kjennes ut som ei evigheit. Tungt denne gongen føler eg... Jaja sukk mitt hjerte, men brist ikke.
Ha gode kvardagar denne veka også, gjer kvar dag til noko positivt saman med dine, vis omsorg og kjærleik. Domt å angre seinare..



En til ho som er minst...

Då er kjolen til Lisjå i Molde klar. Den ser ikkje slik ut i fargane altså. Vart heilt feil ser eg. Den er lys lilla, babycordfløyel, og hjertet er ein djup fin lilla farge. Bak er det fire trykknappar. Søte lilla knappar på, her også lyg fotoet om fargane.
Søt vart den hvertfall so no er det berre å få kome seg til Molde å sjå på skjønnheita.

lørdag 18. april 2009

Lita prinsesse!!

I går kom lisje gullet til systra mi, 3550 gr og 51 cm- heilt perfekt med ti små fingra og ti små tottelottar. Antagelig verdas vakraste lille jentebaby. Gledar meg til å møte den lille ! Velkommen til verda liten ven, no tante skal finne strikkepinnar og/eller symaskin å lage kjole til deg!
God helg folkens!

mandag 13. april 2009

Søndagsafari..

Dropsa mine og eg gjekk tur i fineveiret i går. Herlig å kome seg ut i sola og i frisk luft. På vår vei kom vi over dette huset. Vi har jo gått forbi det mange gongar før då sjølvsagt og eg har allltid tenkt at det er så fryktelig trist at slike flotte hus berre fell bort... Det er heilt nedsarva, men ein kan sjå at det skjular seg ei historie bak dsse veggane. Skal tru kva som har foregått her, kven har budd her?? Vi (les: John og Vilde) trur Kaptein Sabeltann bur i kjellaren. Der er eit rom under trappa med ei gitter liknade dørframmom. Ikkje rart fantasien spring løpsk både på store og små


Om du ser etter ser du at det framleis er blomar i vinduet.. Evigvarande sådan.
Dette skiltet høyrer til på eit anna hus, er det ikkje flott?
Å våren har kommen!!! Sjå kor nydelig!!!
No er Påska over og i morga byrjar kvardagen att. Ta vare på dei dagane, det er dei det er flest av. Husk dagane går ikkje, dei kjem!




søndag 12. april 2009

Ein fin liten blome...

Ikkje at eg er spesielt relgiøs, men eg har nokre salmar som eg er glad i, som står mitt hjerte nært. Foreksempel denne som Besten brukte å synge/nynne på. Vakker melodi og fin tekst.

Ein fin liten blome i skogen eg ser,I granskogen diger og dryg,Og vent mellom mose og lyng han seg ter.Han står der så liten og blyg.
Sei ottast du ikkje i skogen stå gøymd.Der skuggane tyngje deg må?-Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,til ringaste blom vil han sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,der folk kunne skoda på deg?-Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,eg føddest til skogblome eg.
Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,med honom eg kjenner men sæl.Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,med bøna eg sovnar kvar kveld.
Som blomen om vinteren visnar eg av,men gler meg, for då står eg brud.Lat lekamen kvila med fred i si grav,mi sjel, ho er heime hos Gud.
Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong,i morgonen ævele klår.Og blanda med heilage englar min songi himmele, dit døden ei når!

lørdag 11. april 2009

YLVA har navnedag

Betydning: Ulv
Forklaring: Jentenavnet er avledet fra det norrøne ordet "ulfr" som betyr "ulv".
Navnedag: 11. april*
Popularitet: Omlag 650 personer i Norge har jentenavnet Ylva som første eller eneste fornavn.