Dropsa mine og eg gjekk tur i fineveiret i går. Herlig å kome seg ut i sola og i frisk luft. På vår vei kom vi over dette huset. Vi har jo gått forbi det mange gongar før då sjølvsagt og eg har allltid tenkt at det er så fryktelig trist at slike flotte hus berre fell bort... Det er heilt nedsarva, men ein kan sjå at det skjular seg ei historie bak dsse veggane. Skal tru kva som har foregått her, kven har budd her?? Vi (les: John og Vilde) trur Kaptein Sabeltann bur i kjellaren. Der er eit rom under trappa med ei gitter liknade dørframmom. Ikkje rart fantasien spring løpsk både på store og små



Om du ser etter ser du at det framleis er blomar i vinduet.. Evigvarande sådan.

Dette skiltet høyrer til på eit anna hus, er det ikkje flott?

Å
våren har kommen!!! Sjå kor nydelig!!!
No er Påska over og i morga byrjar kvardagen att. Ta vare på dei dagane, det er dei det er flest av. Husk dagane går ikkje, dei kjem!
4 kommentarer:
Eit flott innlegg.
Eg er også fasinert av slike gamle hus som bare står der. Dei står der med historien gøymd i veggane. Av og til litt mystisk og ein skulle ønske ein visste meir om kenn som bodde der og likt.
Ja, nå er påska over, men det er kjekt at våren er her.
Ha ei fin veke.
Klem
Det er spennande med desse gamle husa. Tenk all historia som sit i veggane. Hadde dei berre kunna å prate slik at vi kunne få ta del i alle dei spennande historiene som skjuler seg der.
Hei Trude.
Flott blogg du har og så er du so utruleg flink:)
Tek eg heilt feil om eg Gratulerar deg med 29 års dagen i dag??
Ha ein strålandes dag iallefall;)
Therese H
Godt åkome seg ut litt..berre å nyte disse deilige dagane vi he no. Poff so kjeme regnet...:)
Legg inn en kommentar