torsdag 9. april 2009

Palmesundag var vi 4 generasjonar som tok turen til Prestesætra. Sekkane var fylde med pølser, bollar, brus og jaggu haddde vi ikkje med påskegg også. Vilde gjekk heile vegen opp. Ganske langt for små føtter. Treng vel ikkje nevne at John sprong både opp og ned mange gangar før me andre var komne halveis. Her går Vilde mellom mormor og besta (oldemor). Godt å ha ei hand å halde i når ein går på tur. Spesielt ei hand som har sjokolade på lur når ein blir lei. Litt " bensin" må ein ha.


John grilla seg mør på grillspydet sitt. Han fekk eit flott teleskopgrillspyd med navnet sitt på til jul. Det har han venta lenge på å få bruke. Dette var svære greier!
Vildemor grilla også, vi hadde en kjempe koselig tur og vart både mette og kalde. Ylva sov seg gjennom heile reisa. Kjekt å gjere noko ute ilag. Dei små gyldne øyeblikka...
Til slutt vil eg sende mi medkjensle og kondolanse til dei som sit att etter den tragiske ulukka som ramma bygda vår. Kvil i fred ...




1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Kjekt og koselig med en sånn tur.
Ønska deg ein fin påske.
Kos dokke
Klem