fredag 28. august 2009

Fredag

I dag har eg litt på skjema. Etter mi lille etterlysing om lesestoff, både her og på FB, har eg fått mange tips. Mange anbefalar Drageløperen. Den har eg tenkt på lenge å lese også so då passar det bra at ei av mine mange gode arbeidskollegaer tilbaud seg å låne meg den. Takk,takk. So då skal eg ein tur på jobb å hente den.
Og Vilde treng nye støvlar. Merkeleg kor dei veks desse små kroppane, heldigvis kan en vel sei. Kanskje eit par med desse frå Viking? Dei var hvertfall friske i fargane. Nokre nye gensera kunne ho trengt også. Me får sjå kva det blir til. Likar slike dagar.
No skal eg drikke opp kaffien min, shine litt huset til helga før eg spring å gjer ærenda mine. Kanskje sende nokre sms i håp om at nokon vil slå følge med meg? Kanskje til ein kopp på kafe??

Ha ei fortryllande helg!

Bilete lånte eg her:http://www.123hjemmeside.no/skoschei/16274788?i=18469297

Ingen kommentarer: