
Er ikkje eg heldig?? Eg har fått ein heilt orginal Vilde-engel! Mors hjertet mitt har sjølvsagt smelta heilt for denne ein nydlege engelen som har eit rosa auge.

No er det berre få dagar att til julaftan og "angsten" tek meg, kjenner eg byrjar å stresse. Har eg vaska her, har eg vaska der, har eg huska å kjøpe gåve til ho? Rekk eg å gjere ditt, rekk eg å gjere datt?? Galskapen lenge leve.
Trur eg er i rute.. Har hvertfall fått opp julegardinene. Nye sådan. Fine var dei også.
Uansett blir det nok jul og me gledar oss til å feire heime i egen heim. Litt trist utan gutane men i går øvde me litt til julaften. Ungane fekk kvar si gåve og me kosa oss med deillig mat og snop.
I kveld tenner eg det fjerde lyset. For lengsel, glede, håp og fred...
1 kommentar:
Så søt engel!!!
Ville bare innom for å ønske deg riktig god jul.
Kos deg og nyt julefreden.
Takk for koselig bloggår.
Klem
Legg inn en kommentar