lørdag 26. desember 2009

Julaftan

Me feira for fyrste gong julaftan heime i eige hus. Gutane var med sine respektive andre, so det var berre jentene, Mannen og eg. Sjølv om me kosa oss sakna me sjølvsagt gutane. No gledar me oss til dei kjem! Men her vår julaften i bileter! Systrene Sisters er ferdig pynta i ny klede og er klare for å besøke oldebesten på Omsorgsenteret.
Ei øske med Smurfe-drops gjer susen når ventinga blir for lang. Stakkars pappa fekk nok litt meir stivelse i håret enn ynskja.

Kjekke onkel Jørn tek gjerne Vilde på skuldrane slik ho skal få sjå Volda mannskor synge jula inn. Dei er kjempe flinke!!
Nydlege lille Tuva vår
Kjekke julenissar kom med gåver til jentene.
Vilde fekk blantanna mikrofon og stod difor for underhaldninga resten av kvelden. Ho song og song. Mange songar, nokre har me høyrt før, nokre vart laga etterkvart so ho songe. Søtaste.
Me hadde ein fantastisk julaften, me har mykje å vere takknemlig for...
God jul og godt nyttår





2 kommentarer:

Monica sa...

Flotte bilder Trude!! ser ut som dokke kosa dokke MASSE!! :) Ungane e bedårande som alltid. :)

Anna Lisa sa...

Koselige bilder:)
Ønska deg riktig godt nytt år!!!
Klem