mandag 9. mars 2009

Vilde har fått ny hue

Vilde har lenge bedt om ei ny hue. Og slik vart den. Den går i brun og rosa. Det er første gang eg brukar denne oppskrifta. Den var litt artig med den rullinga som er på. Først strikkar ein 12 omgangar med brunt. Legg det til side, så legg ein opp maskar med rosa og strikkar 6 omgangar før ein legg den rosa kanten utapå den brune og strikkar dei saman. Så i teorien så kan ein vel ha so mange kantar ein vil. Kanskje det ha vore fint med tre kantar feks. Dusk måtte ho ha også, so eg laga ein stor god ein. Då vart det visst ei nissehue meinte den stolte eigar på.
Her på det siste bilete viser kantane litt bedre. Vilde kler godt brunt, ho har sjølv dei vakraste brune augene, heilt objektivt sagt ;) Og brunt og rosa er jo veldig fint saman også da.

I dag kom guttungen heim, det er alltid godt. Heimen min er komplett då. No er det tid for legging og godnatt-historie lesing.
Ha ein vakker kveld!


1 kommentar:

Anna Lisa sa...

For ei søt frøken med ei søt hue!! Du er virkelig flink og kreativ.
Ønska deg ein fin tirsdag vidare.
Klem