Nemleg til Atlanterhavsparken. So kjempe koseleg. Ylva var so fasinert over alt som var å sjå på, "OI oi oi" og peika og lo. Me fekk mate fiskar med reker og fekk nesten litt for mykje nær kontakt under den seansen. Pingvinar såg me også. Eg hadde forstilt meg dei på ein litt anna måte. Litt meir svart og kvite, større.. Men nydlege var dei. Ein kan få vere med på å mate dei også (14.30 kvar dag trur eg det var), men det var litt kjølig so vi valgte å avstå frå det.

Vilde og Ylva poserare gjerne!!

Her er Ylva framfor den største tanken. Den var ca 18 meter breidd og er vistnok ganske einståande av sitt slag då den har saltvatn direkte frå havet og ekte plantar. Og ikkje plast slik som dei fleste andre slike tankar har. Her var det også dykkershow (15.30), der dykkeren matar fiskane frå hand. Utrulig artig å sjå på!

Sjå berre på ansiktet til Vilde, meir fornøgde jente skal en leite lenge etter!

Me kjem hvertfall til å ta turen hit fleire gongar.
Ellers so er Vilde og eg heime i dag. Ho har feber og er uvel. Eg har senebetennelse i eine arma og er sjukmeldt ut veka. Kjempe kjedelig. Får verken vaska, rydda, strikka eller sydd. Heldigvis hjalp kortison sprøyta eg fekk i går. Så dagen i dag er mykje betre enn i går! No lengtar vi etter at mannen og pappa skal kome heim. Vi lengtar etter sol, varme og gledar oss til sommarferie.
Ha ein flott og solfylt tysdag!
3 kommentarer:
Kor kjekt!!
har tenkt meg å ta turen innom der i sommar.
Fine bilder.
Kos deg sjølv om det er surt og kalt ute.
Takk for helsing
Klem
God betring forresten. Eg har nettoopp plagast med senebetennelse i skuldra og det er ikkje kjekt. Håpa det går betre hvis du får slappa av... Men det er ikkje enkelt når man har småbarn.
Stakkars Vilde som er sjuk idag. Håpa ho kjem seg raskt.
Ha det best mulig begge to.
Klem
Tusen takk for helsinga i bloggen min :)
Atlanterhavsparken er kjempe kjekk synst eg:)
Koselig blogg du har:)
Klemklem :)
Legg inn en kommentar