tirsdag 9. desember 2008
Blir grasenke!!
Jaja so vart det min tur også. I morgon reiser Håkon på sjø. Og eg, ja eg gruar meg. Saknar han allereide, skal til og med vere borte i jula. Kjem att 10 januar. Eg gruar meg til saknet, lengselen, snømåkinga, "aleineansvaret"... Det å vere aleine.. Æsj det fristar ikkje. Men klart han skal nå vere heime en mnd også da! Blir spannande, ny kvardag, nye utfordringar.. Må sjå positivt på ting, det kan eg nok bli bedre til... Så då blir det heller ikkje julefeiring her i huset som planlagt var. Me skulle feire vår første julaften her denne jula. No blir det borna og eg inn i Volda. Det blir nok koseleg det også, sjølv om me ha gleda oss til å vere her da. Ungane skjønna det ikkje.. Er spent på reaksjonane til ungane. Kanskje spesielt Vilde sin. På det å ikkje ha pappa her heile tida lenger.. Eg kjem tilbake til den positive delen etterpå, visst eg kjem på noke da,
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar