Eg treng altså litt motivasjon... Føler meg litt nedanfor. Byrjar å sige inn at ektemannen min er til sjøs. Eg har aldri vore borte fra han so lenge. Nokon gang... So då treng eg å finne på noko å gjere på . I går vaska eg badet. I dag orkar eg ikkje å vaske sjølv om kjøkkenet mitt snart skriv søknad til ekstrem rengjøring på TVN. Men eg har byrja på julekjølar til jentene.. Og eg burde gjere dei ferdige. So tenkte eg at om eg skriv her at eg held på med desse kjolane so må eg hvertfall blir ferdige. Bildet øverst er altså stoffet som sjølve kjolen er i. I tillegg har eg eit anna lilla stoff, men i striper som eg skal ha til "belte". Trur dei blir kjempe fine. Kjolane er nå forøvrig nesten ferdig. Manglar knappar, som eg i morgon skal kjøpe på Ørsta stoffsenter, og beltet, som eg må klippe til og sy på. Bilete vil kome når dei er ferdige... Eg heiv også inn eit bilde av syboksa mi. Denne kjøpte eg i Sverige på en panduro butikk der. Her er banda, knappane og div dippeduttar oppi. Eg har ei del av slike ting so burde vel strengtatt hatt meg ei mykje større boks. Men det kjem vel. Til jul ønsker eg meg eit sybord under trappa.
Snart helg ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar