fredag 13. februar 2009

KARNEVAL

Denne veka har vore ganske grusom egentlig. Som eg har skrevet før har Ylva vore sjuk og etter gjentatte besøk og telefonar til legevakta vart vi sendt på Åse sjukehus pga dehydrering. Heldigvis byrja ho å drikke, å me fekk reise heim same kveld. No er ho bra igjen og ber intet preg av å ha vore sjuk og slapp i ei veke. Hadde me voksne klart det? Eg kjenner eg er sliten hvertfall. Skulle egentlig på arbeid i dag, men stakkars lisje guten min byrja å kaste opp i går kveld, så då blei det en dag til heime. Han er bra i dag og vi har kosa oss å baka pizza horn.
I mens har jentene vore i barnehage. Der var det karneval i dag. Vilde hadde i går annonsert i barnehagen at ho skulle vere kråke. Slik blei det ikkje da i og med at kostyma var innkjøpt for lenge sidan. Å når dagen kom idag var ho heilt vill over å få vere ballerina, kråka hørte eg ingenting om. Trur ho var nøgd. Her stiller dei "lydige" opp for fotografering. Dette måtte dokumenterast. Måtte ta bilde med mobilen også, slik pappa kunne få sjå- streng beskjed fra vår lille primadonna.

Her er Vilde fortvila over lisje syster som verken hører etter eller vil halde handa hennar mens mor tek bilder.
Ylva er på si side meir opptatt av broren som spelar bilspel, og har slett ikkje tankt å halde hand eller bli tatt bilete av.
I morgon er den store dagen, Vilde fyller 3 ÅR. Og no som eg fungerar både som mor og far har eg vore i garasjen å leita etter verktøy for å skru saman den store presangen. Åh eg gledar meg til å sjå andlete hennar når ho ser kva det er. Tenk at det no er det 3 år sidan ho melde sin ankomst. Huskar det som det var i går. Ho var berre det mest nydlege eg nokon gong ha sett. Huskar kor stolt Håkon var av ho. Alt det svarte håret som fekk rosa sløyfe. Å når John kom på besøk var han plutselig so stor blitt over natta. Lisje homlå våra. Født på valentines day <3
God helg til alle som er innom bloggen min!



2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Har faktiskt tenkt så mykje på dokke. Så vont å lese at dokke har vore så sjuke. Syns så synd på deg for at du må vere aleine akkurat nå. Du er tøff og veldig flink!!

Gratulerer med den store dagen i dag!!!! Håpa ho får ein drømmedag lisje snuppa som er blitt så stor.

Det var visst kjekt ¨på karneval i går ja. Tuva var PIPPI, kjempefornøyd :)
Ønska deg ei fin helg vidare!!
Klem

Englemor sa...

Klart det er greit:) Eg har jo lagt til deg også..:)

Håper Vilde har hatt ein fin dag:)

Kristin