So tok vi turen innom bokbutikken der for eg har tidlegare snakka med ho som jobbar der om å bestille inn fleire "sy kle til born"-bøker. Og ho har lovd å bestille. Kjekke dama. Var ikkje komt det store utvalget, men denne falt eg heilt for "Barn igjen " av Lisbet Bjørndal (bilete har eg lånt her http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4023964) Sjå berre på den flotte kjolen på omslaget.
Har alt funne mykje som eg vil sy og ideane spring i hovudet. Vart også kjempe glad når eg fann mønster på ei hue eller hjelm som nokre kallar det, som eg har mista oppskrfta på. Gledar meg til å ta fatt på nye prosjekt! Må berre skaffe meg litt meir stoff.Ha ein fin tysdagskveld!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar