søndag 21. juni 2009

Siste innspurt!

No har eg berre ei veke at før det er ferie. Åh kor eg gledar meg. Blir so godt å vere att med borna og Håkon, ikkje stresse for å stå opp og kome seg ut døra. Ingen matpakkar (anna en til late dagar på stranda sjølvsagt), ingen barnehagevesker eller skuleranslar som skal pakkast. Berre kose oss og slappe av. Det trur eg vi treng store som små her i huset. Ein liten tur blir det nok, kanskje ein lenger.. Ingen klare planar enda og det er litt skjønnt det også. Ta ting litt sånn på sparket, reise etter kvar sola er.
No har John og eg laga oss deillig smoothie, namnam. John sin favoritt. Denne gang laga vi av skogsbær/banan blanding, vanilje yougurt og eplejuice. Kjempe godt. Vi lagar det ofte. Eit tips er å ha litt havregryn eller 4 korn blanding i, då kan drikken fungere som kvelds eller kanskje som frukost. For meg fristar det meir enn ei tørr brødskive hvertfall. Her er vårt nye familiemedlem Zorro. Han var født 2 mai og har budd med oss ei veke no. Vilter krabat som borna elskar. Han er heilt nydelig, sjå berre den augefargen..
Ut på jakt...
Litt skremt her ja.. "Kva er dette for noko???"


Ha ei god veke, måtte den bli fylt av sol og varme!

1 kommentar:

Monica sa...

namnam, ditta såg godt ut! mmm...glømme at det går an å lage slikt sej. MÅ prøvast! Her i huset gler me oss også til feeeerie...ska bli godt. Ha en nyyydelig sommar alle sammen!!!