onsdag 22. juli 2009

Mannen min reiste i dag, so i den anledning legg eg ut litt av "vår" song her. Det er D`sound sin Tattooed on my mind (som også står inni gifteringane vår)

And I can't get you out of my dreams
Now I know that you're a dangerous kind
And your face is tattooed on my mind
And I can't get you out of my dreams..

Don't wanna write,I don't wanna call,
I would not know what to say
It should be you
That's how I want it to be
Tell me you feel the same way


(tekst lånt herhttp://www.lyrics007.com/D'Sound%20Lyrics/Tattooed%20On%20My%20Mind%20Lyrics.html)

søndag 19. juli 2009

Sommaren i bileter

Her kjem vår sommar i bileter. Skal til på mi siste av fire ferie veker og eg håpar på at sola atter ein gong skal stikke fram litt. Om den kjem har Lisje dropset briller : Desse nydlege revungane låg ut i vegen ein dag me var ute å kjøyrde. Me stoppa bilen og sto lenge å kika på dei. Desse små fine kvelpane var slett ikkje redde heller.
John og mamma på "mor og sønn kvalitetstid-tur" til atlanterhavsparken. Her er vi på Barnas aktivitesrom. Kjempe kjekt.
Titt titt !
Me har vore på Overåsanden, det er syden. Kjempe deillig, ungane storkosa seg. Me voksne også for den del. Der er langrynt og veldig oversiktelig. Varmt og godt.
Kvar er resten av Store dropset????
Sjå mamma! Eg kan svømme!!!
Pappa bygger sandslott med jentene sine.
Ikkje tvil om at me kosar oss, sjå berre på dette herlige smilet!
Vi har vore ei veke på garden/feriehuset vårt også. Her er mi herlige familie på traktoren. Fyrste gong for Lisje dropset. Gjett om det var stas!
Koseleg besøk hadde me også. Vi grilla deillig mat og kosa oss saman. Neste gong håpar vi på litt meir sol så me kan fare i fjøra å bade. Takk for vennskapet Christine og Ole Stian. Det sett me stor pris på.
Håkon er verdas beste pappa og tok med seg Vilde og John på fisketur på fjorden. Jaggu fekk dei fisk også, to torskar. Ein liten og ein større. John var stolt som ein hane over fangsten sin.
Me grilla den i folie, litt purre, smør og krydder. På gode rundstykker med majones. Et herremåltid og John var stor fornøyd!
Me har hatt ein deillig ferie sjølv om me ikkje har vore utanfor fylkesgrensene. Men gode opplevelsar er viktigast og det føler eg at me har fått gitt borna våre. Og ikkje minst har me fått gode minner alle saman. Dei nære ting......
Ha ein vidare god sommar alle saman!!












tirsdag 30. juni 2009

Tragisk...

Eg har ikkje ord, det er so uendeleg trist.. So vanvittig meiningslaust. Det er ubegripelig..
Fem menn har mista livet.. Son, bror, far, kamerat, onkel, kompis.. Besteven..
Mi djupaste medkjensle til dei som sit att.

815 Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær

1 Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær, og snart det mørknar, Herre, hjå meg ver! Når all mi hjelp og trøyst har flytt sin veg, du, hjelp for hjelpelause, .ver hjå meg!





Fred over minna...

søndag 21. juni 2009

Siste innspurt!

No har eg berre ei veke at før det er ferie. Åh kor eg gledar meg. Blir so godt å vere att med borna og Håkon, ikkje stresse for å stå opp og kome seg ut døra. Ingen matpakkar (anna en til late dagar på stranda sjølvsagt), ingen barnehagevesker eller skuleranslar som skal pakkast. Berre kose oss og slappe av. Det trur eg vi treng store som små her i huset. Ein liten tur blir det nok, kanskje ein lenger.. Ingen klare planar enda og det er litt skjønnt det også. Ta ting litt sånn på sparket, reise etter kvar sola er.
No har John og eg laga oss deillig smoothie, namnam. John sin favoritt. Denne gang laga vi av skogsbær/banan blanding, vanilje yougurt og eplejuice. Kjempe godt. Vi lagar det ofte. Eit tips er å ha litt havregryn eller 4 korn blanding i, då kan drikken fungere som kvelds eller kanskje som frukost. For meg fristar det meir enn ei tørr brødskive hvertfall. Her er vårt nye familiemedlem Zorro. Han var født 2 mai og har budd med oss ei veke no. Vilter krabat som borna elskar. Han er heilt nydelig, sjå berre den augefargen..
Ut på jakt...
Litt skremt her ja.. "Kva er dette for noko???"


Ha ei god veke, måtte den bli fylt av sol og varme!

tirsdag 16. juni 2009

Hit burde alle ta seg ein tur!

Nemleg til Atlanterhavsparken. So kjempe koseleg. Ylva var so fasinert over alt som var å sjå på, "OI oi oi" og peika og lo. Me fekk mate fiskar med reker og fekk nesten litt for mykje nær kontakt under den seansen. Pingvinar såg me også. Eg hadde forstilt meg dei på ein litt anna måte. Litt meir svart og kvite, større.. Men nydlege var dei. Ein kan få vere med på å mate dei også (14.30 kvar dag trur eg det var), men det var litt kjølig so vi valgte å avstå frå det. Vilde og Ylva poserare gjerne!!
Her er Ylva framfor den største tanken. Den var ca 18 meter breidd og er vistnok ganske einståande av sitt slag då den har saltvatn direkte frå havet og ekte plantar. Og ikkje plast slik som dei fleste andre slike tankar har. Her var det også dykkershow (15.30), der dykkeren matar fiskane frå hand. Utrulig artig å sjå på!
Sjå berre på ansiktet til Vilde, meir fornøgde jente skal en leite lenge etter!
Me kjem hvertfall til å ta turen hit fleire gongar.
Ellers so er Vilde og eg heime i dag. Ho har feber og er uvel. Eg har senebetennelse i eine arma og er sjukmeldt ut veka. Kjempe kjedelig. Får verken vaska, rydda, strikka eller sydd. Heldigvis hjalp kortison sprøyta eg fekk i går. Så dagen i dag er mykje betre enn i går! No lengtar vi etter at mannen og pappa skal kome heim. Vi lengtar etter sol, varme og gledar oss til sommarferie.
Ha ein flott og solfylt tysdag!



tirsdag 9. juni 2009

Ny inspirasjon!

Idag var jentene og eg ein tur på amfi etter ein dag i barnehage, kvar vår vel å merke :)
So tok vi turen innom bokbutikken der for eg har tidlegare snakka med ho som jobbar der om å bestille inn fleire "sy kle til born"-bøker. Og ho har lovd å bestille. Kjekke dama. Var ikkje komt det store utvalget, men denne falt eg heilt for "Barn igjen " av Lisbet Bjørndal (bilete har eg lånt her http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4023964) Sjå berre på den flotte kjolen på omslaget. Har alt funne mykje som eg vil sy og ideane spring i hovudet. Vart også kjempe glad når eg fann mønster på ei hue eller hjelm som nokre kallar det, som eg har mista oppskrfta på. Gledar meg til å ta fatt på nye prosjekt! Må berre skaffe meg litt meir stoff.

Ha ein fin tysdagskveld!

søndag 7. juni 2009

7 ÅR går fort !

Tenk på det lisje Johnemannen min fyller 7 år på onsdag. Lisje gullet mitt. Kvar vart åra av. Føles ikkje so lenge sidan at han låg på magen min, nyfødt og spe. Verdas vakraste sjølvsagt.
Mamma sin skatt.
Stolt storebror til to systre. Her sit han med Vilde på fanget. Alltid fart og moro rundt han. Mykje humor. Ein undrar er han også. Når han var rundt 4 år var vi ute å kjørte bil. Framom oss kjøyrde en melkebil. Når melkebilen tek opp ein veg so kommenterar eg til John at der er ein melkebil.
-"kar den skal?"
-No skal den hente mjølka opp med kuene slik at vi kan få det på kartongar. Og so kan vi kjøpe melk i butikken.
-"Ja ogso vatn" kjem det frå baksete.
-Vatn spør ei uvitande mor.
- "Ja?" seier guten.
-Jammen John, vatnet kjem ikkje frå kua.
-"Joda HAVKUA"
Her er John i eit nøtteskal, elskar å kle seg ut. Her i dykkerbriller i ein alder av ca 2 år.

Her er min kule sønn. Spelar fotball, er sosial, er glad og snill. Han drøymer om å bli stor. Han skal kjøyre mora si på butikken å handle når ho ikkje klarar å gjere det sjølv lenger. Han skal kjøre motorsykkel. So om dokke om ei 50-60 år ser ein flott mann på Harley med ei gammale kjærring bak på, so skal ikkje du sjå vekk i frå at det er oss!
Ha ei finfin veke!