søndag 22. mars 2009
No kan du kome lille venn.....
for no har tante gjort klar dressen din. Eg skal blir tante om nokre veker og i den anledning måtte eg sjølvsagt strikke ein dress. Den har egentlig vore klar lenge, berre mangla den oransje kanten og knappar. Oppskrifta kjem frå boka "Myk start" og den skulle vel egentlig strikkast i alpakka men eg strikka den i babyull.
Syns den vart litt retro med det oransje innslaget. Det var forresten etter inspirasjon frå genser til den vorende far att me kom på å ha oransje på. Vart litt meir liv i dressen slik.
Fri som fuglen...
Ørner er en betegnelse som brukes om en gruppe store rovfugler som har en del fellestrekk, selv om de innbyrdes ikke er i så nært slektskap. De er store, har brede vinger, stort hode og kraftig nebb. De vanligste ørnene i Norge er havørn og kongeørn.
Ja ditte vart litt dårlege bilete diverre. Her om dagen når me var ute å leika i fine veiret var me oppmerksom på ØRNA. Ikkje for det, me har sett ho ofte. Ho bur rett oppi fjellet over for oss. Men denne gongen var ho nesten ned i hagen til eine naboen, før ho steig opp igjen. I vill kamp med to andre fuglar. På eit tidspunkt satt den eine fuglen på ryggen til ørna og hakka på ho.
Det er ganske fasinerande å få naturen på so kloss hold. Me stod å såg på ei kjempe forestilling om maktkamp i dyrelivet. So rått og vakkert på same tid. Eg blir likefasinert for kvar gong ørna viser seg. fasinert over kor stor ho er, kor vakkert ho svevar der oppe. Nydelig!
Er det ikkje vakkert vel??
onsdag 18. mars 2009
Nye merkelappar
http://www.minanamnband.se/index.php- her inne har eg bestilt meg merkelappar til framtidige prosjekt. Masse muligheiter. Mine band vart kanskje ikkje av dei mest spennande da, då til meir spennande og flott banda er - til dyrare blir prisen. Håper dei finn vegen til postkassa mi fort.
I kveld skal eg forsette på ein dress eg held på med til Ylva. Har aldri sydd noko liknande så er litt spent på om eg får det fint. Stofflageret mitt byrjar å skrante til tross for ny forsyning her forleden dag. Vil ha meir velour så må nok innom stoff og stil sine sideri dag. Tips meg gjerne om andre nettsider som sel stoff om du veit om nokre.
Ynskjer alle ein flott onsdagskveld!
I kveld skal eg forsette på ein dress eg held på med til Ylva. Har aldri sydd noko liknande så er litt spent på om eg får det fint. Stofflageret mitt byrjar å skrante til tross for ny forsyning her forleden dag. Vil ha meir velour så må nok innom stoff og stil sine sideri dag. Tips meg gjerne om andre nettsider som sel stoff om du veit om nokre.
Ynskjer alle ein flott onsdagskveld!
søndag 15. mars 2009
Vårsprell!
I går fekk eg pakke, igjen, frå Stoff og Stil. Hadde bestilt ein del knappar, skråband og deillig velour stoff i lime og lilla. Eg måttee berre ta fatt og i går kveld sydde eg desse to buksene til jentene.
Oppskrifta er i frå "Sy sejt børnetøy". Ganske enkel. Det sei vel kanskje seg sjølv sidan eg laga to på ein kveld.
Har ikkje prøvd buksene på jentene enda så er litt spent på om dei passar. Spesiellt i livet og i beina. Eg likar å ha ribb nede på buksene deira då dei kan bruke dei lengre på den måten. Pluss at det ser tøft ut.
Eg har nokre meter til av dette deilige stoffet så eg planlegg å lage tunika/kjole som skal høyre til. Pluss ein dress til Ylva eg lenge har hatt lyst til å sy. No angrar eg på at eg ikkje kjøpte fleire fargar...
Det ser ut til å bli eit deilig søndagsveir! Kos dokke den siste dagen i helga, det skal me!
mandag 9. mars 2009
Vilde har fått ny hue
Vilde har lenge bedt om ei ny hue. Og slik vart den. Den går i brun og rosa. Det er første gang eg brukar denne oppskrifta. Den var litt artig med den rullinga som er på. Først strikkar ein 12 omgangar med brunt. Legg det til side, så legg ein opp maskar med rosa og strikkar 6 omgangar før ein legg den rosa kanten utapå den brune og strikkar dei saman. Så i teorien så kan ein vel ha so mange kantar ein vil. Kanskje det ha vore fint med tre kantar feks.
Dusk måtte ho ha også, so eg laga ein stor god ein. Då vart det visst ei nissehue meinte den stolte eigar på.
Her på det siste bilete viser kantane litt bedre. Vilde kler godt brunt, ho har sjølv dei vakraste brune augene, heilt objektivt sagt ;) Og brunt og rosa er jo veldig fint saman også da.
I dag kom guttungen heim, det er alltid godt. Heimen min er komplett då. No er det tid for legging og godnatt-historie lesing.
Ha ein vakker kveld!
søndag 8. mars 2009
Pasta med ostesaus
Eg treng alltid middagtips, har forferdeleg dårleg fantasi når det gjeld spesielt middag å sånn. Men her er eit middag tips frå meg, passar godt om du har lite tid eller har lyst på noko godt.
Dette treng du
*Pasta, ikkje so nøye med kva sort. Me brukar mest skruar eller penne. Eit anna tips er:kjøpt pasta på europris- 2 kilo til ein liten pris...
*purre
*boks skinke
*mjølk og vatn
*smør
*ost
*kylling bulljong
Kok pasta, skjær opp purre og skinke. Lag kvit saus av smør (ca 2-3 ss) og mjøl (ca 2-3 ss). Hel i mjølka (ca 2 dl) når du har laga jamning. Ha i ein terning bulljong og når du skal spe ut vidare so brukar du vatn. La det få eit oppkok før du har i purre og skinke. Når pastaen er kokt har du osten i sausen og let den smelte, men husk at sausen skal ikkje koke etter du har hatt i osten. Tøm sausen over ferdig pasta og nyt det saman med feks brokkoli, kvitlauksbrød osv...
Dette er kjempe godt og veldig enkelt!!
Dette treng du
*Pasta, ikkje so nøye med kva sort. Me brukar mest skruar eller penne. Eit anna tips er:kjøpt pasta på europris- 2 kilo til ein liten pris...
*purre
*boks skinke
*mjølk og vatn
*smør
*ost
*kylling bulljong
Kok pasta, skjær opp purre og skinke. Lag kvit saus av smør (ca 2-3 ss) og mjøl (ca 2-3 ss). Hel i mjølka (ca 2 dl) når du har laga jamning. Ha i ein terning bulljong og når du skal spe ut vidare so brukar du vatn. La det få eit oppkok før du har i purre og skinke. Når pastaen er kokt har du osten i sausen og let den smelte, men husk at sausen skal ikkje koke etter du har hatt i osten. Tøm sausen over ferdig pasta og nyt det saman med feks brokkoli, kvitlauksbrød osv...
Dette er kjempe godt og veldig enkelt!!
Eg må berre vise dei nydlege rosene eg fekk med min kjæraste kjære på torsdag. Langstilka roser. Kjempe vakre. Vart litt overraska då eg fekk dei for det er ganske ulikt Håkon å gjere slikt utan at det er ei spesiell anledning. Ekstra koseleg når ein får blomar heilt uten "grunn".
Har lyst å vise denne statua me fekk med mamma når me gifta oss. Syns den er så fin. Så enkel, men likevel så får den fram budskapet om eg kan kalle det det- kjærlighet, nærheit.. Minner meg om at me må ta vare på kvarandre i dei hektiske dagane som ofte kjem. Lett å gløyme at me er også kjærestar ikkje berre foreldre for borna våre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
