Eg må berre vise dei
nydlege rosene eg fekk med min kjæraste kjære på torsdag. Langstilka roser. Kjempe vakre. Vart litt overraska då eg fekk dei for det er ganske ulikt Håkon å gjere slikt utan at det er ei
spesiell anledning. Ekstra koseleg når ein får
blomar heilt uten "grunn".

Har lyst å vise denne statua me fekk med mamma når me gifta oss. Syns den er så fin. Så enkel, men likevel så får den fram budskapet om eg kan kalle det det-
kjærlighet, nærheit.. Minner meg om at me må
ta vare på kvarandre i dei hektiske dagane som ofte kjem. Lett å gløyme at me er også kjærestar ikkje berre foreldre for borna våre.

Ha ei god veke alle saman, utan dei altfor hektiske dagane!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar