I går fekk eg pakke, igjen, frå Stoff og Stil. Hadde bestilt ein del knappar, skråband og deillig velour stoff i lime og lilla. Eg måttee berre ta fatt og i går kveld sydde eg desse to buksene til jentene.

Oppskrifta er i frå "Sy sejt børnetøy". Ganske enkel. Det sei vel kanskje seg sjølv sidan eg laga to på ein kveld.

Har ikkje prøvd buksene på jentene enda så er litt spent på om dei passar. Spesiellt i livet og i beina. Eg likar å ha ribb nede på buksene deira då dei kan bruke dei lengre på den måten. Pluss at det ser tøft ut.

Eg har nokre meter til av dette deilige stoffet så eg planlegg å lage tunika/kjole som skal høyre til. Pluss ein dress til Ylva eg lenge har hatt lyst til å sy. No angrar eg på at eg ikkje kjøpte fleire fargar...
Det ser ut til å bli eit deilig søndagsveir! Kos dokke den siste dagen i helga, det skal me!
3 kommentarer:
Du impnera meg igjen. Flink du er!!
Blir ikkje mykje sying på meg, men strikkar litt. Det får eg tida til innimellom iallefall :)
Nå måtte eg bare ta ei lita pause for å kjike innom bloggverden.
Håpa du og dine har det bra.
Klem
Knæsje bukse da! Dissa såg gooode ut. :)
Ej bestilte rib fra stoff og stil i alle farga!Kjempegode!! og merkelappane e bestilt fra minamband.no...dyre, men fancy...hehehe
http://www.minanamnband.se/index.php
yes...da vart det rett! :)
Legg inn en kommentar