mandag 2. mars 2009

Bomba-veske

Stoffet fekk ikkje ligge lenge, det var faktisk knapt nok tørt før eg byrja klippe i det. Var litt ivrig kan en vel sei. "Bomba" stoffet mitt vart altså ei veske, som planlagt var. Mønsteret har eg laga sjølv og eg må nå beskjedent seie at eg syns den vart tøff. Inni er der ei lomme som er stor nok til mobil og lipgloss " everything a girl needs". Ellers er her god plass til ein del anna trur eg. Passar akkurat til mitt bruk.
Det neste bilete er av John sine gamle tøfler, så små og skjønne. Litt slitne og shabby. Dei har nok trakka nokre mil desse små kaninene. Blir litt følelsesladda av å tenkje på kor liten guten min har vore. Og ofte kjem eg på det når eg kjem over slike små bortgjøymde skattar. Vilde falt naturligvis pladask og skal ha dei på i barnehagen i morgon. Var ikkje dei søte vel?

Eg skal berre slappe av og kike på tv i kveld. Norges styggaste rom på tv3.
Ha ein fortreffeleg mandagskveld!


2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Veska vart kjempe fin!!! Flink du er!!
Og tøfflene til Jon var søte. Kjekt med slike minner, rart å sjå kor fort barna veks.
Dei som fikk nytt kjøkken i går på Norges styggaste rom var kjempe heldige og fortjente det virkelig!!
Så at FRYD er konkurs.Skal du på salg?? Lure kansje på å ta meg en liten tur. Eg treng ingenting, men alltid kjekt å sjå om der er noko spennande :)
Ha en fin dag!!
Klem

Trude sa...

DU E SO FLINK!!!