fredag 2. januar 2009

Muffins!!

Eg simpelthen berre elskar muffins! Dei er so geniale, raske å lage, enkle å lage og smakar heilt fortreffeleg! Vi lagar dei ofte og spesielt etter eg kjøpte den boka. Der er masse flott oppskrifter av forskjellig slag.. Til fest og kvardags. Med frukt, nøtter, sjokolade. Den sunne varianten, den usunne varianten. I dag har vi laga av denne oppskrifta:
Porsjonskaker med sjokoladebiter:
  • 7 ss mjuk margarin
  • 100 gr strøsukker
  • 2 store egg
  • 100 gr kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 100 gr kokesjokolade

Forvarm ovnen til 190 c, sett ca 8 muffinsformer på eit muffinsbrett.

Ha margarin, sukker, egg, mjøl og bakepulver i ein stor bolle, og visp det saman med ein elektrisk handmikser til det er so vidt jevnt. Rør inn sjokoladebitane forsiktig. Fordel blandinga i formene.

Steik kakene i steikeovnen i 20-25 minutt til dei har heva seg og er gylden brune. Sett på rist til avkjøling. Desse må dokke prøve!


No kosar eg meg med ein kaffi og strikket mitt mens jentene søv og muffinsane er i ovnen.
Ha ein god fredag!!!


4 kommentarer:

camilla sa...

kjem en tur å ete muffins ej då :) E no berre so godt me varme muffins, ej lytte prøve dinne oppskrifta i helga :) e so kjekt me nye oppskrifte :)

Anonym sa...

Ej hadde veldig lyst å kome snuppa!! Håpe vi fe ei anledning å møtast snart..berre Helene blir friske no!

Kaos eller ro? sa...

Dokke e <3 velkommne begge to!!! Har handla meir sjokolade so no kan vi lage meir

Anna Lisa sa...

Eg har også planar om å kjøpe lampe til kjøkkenet. Ein som skal henge i vinduet...men tror eg finn noko på nettet til slutt. Bare være tålmodig og lete :)

MMMMM...deilig med muffins ja:)
Ønska deg ein fin søndag.
Klem