lørdag 10. januar 2009
Tidleg ein laurdagsmorgon...
Nokre dagare sidan eg har blogga no, det grunnast vel litt at mannen kom heim. Ein dag forsenka. Det var visst eit forferdeleg veir ute på "det store hav". Båten kom seg ikkje inn til land og om den so hadde gjort det, hadde antagelig ikkje flyet letta. Men no er han heime. Det er godt. Kjenner eg har senka skuldrane litt og pustar litt rolegare. I helga skal vi berre kose oss og slappe av. Vere saman.
Desse skona kjøpte eg til Ylva første jula hennar. No står dei til pynt på sjenken min. Eg syns dei er så fine. Blenker i "lakken". Det er også ei lita påminning om kor lita ho har vore. Lisje dropset mitt.
I går var det tulipanensdag. Då måtte eg sjølvsagt ha ein bukett. Eg brukar å kjøpe ein bukett blomar til kvar helg. Syns det er so vakkert med friske blomar og då veit eg det er helg. Når dei står der i vasen og er så fine. Håper dei held seg lenge. Det er litt sånn vårstemning med tulipanar syns eg. Og eg lengtar veldig etter lysare og varmare tider. Der ein ikkje treng å ha på so masse kle, både på ungane og seg sjølv. Gledar meg til å pakke vekk bobledressar og vintersko! Vil leite fram vårjakker og joggesko!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

2 kommentarer:
Ja du har rett. Tulipanar er absolutt eit vårtegn. Så koselig. Var ikkje klar over at det var tulipanens dag. Nå skin akkurat morgensola inn kjøkkenglaset hos meg, og eg blir hielt betatt...det er så fint. Men ute er det ruskevær, så det vert ikkje mykje trilletur på meg i dag tror eg.
Skoa til vesla var søte, dei veks så fort lisje nurka.
Godt at du har fått mannen heimendelig. Det var nok kjekt for både liten og stor. Har tenkt på deg. Snart skal min mann vekk. Vert vekk 5 veke, men kjem heim litt innimellom heldigvis.
Ønska deg ei riktig god helg.
Klem
Heisann!!
Neida min mann er ikkje på sjøen. Han skal til Oslo på kurs pga jobben. Han jobba med å reise rundt og reparere trucka, og er vekk over natt av og til. Men mest borte en heil dag. Men i februar skal han alså på kurs. Kansje eg drar også og blir hos han ei veke. Da skal eg bare kose meg. Tar med minnstemann og på dagtid trilla frå hotellet og ned i byen på butikka og shopping. Håpa eg får det til Må sjå litt på det økonomiske som selvfølgelig alltid spiller inn.
Ha en fin lørdagskveld.Kos deg.
Klem
Legg inn en kommentar